Her kjem nokre gode råd:
- Førebu deg godt, og lag til lammeareal i god tid. Ha lausgrindar ståande lett tilgjengeleg. Prøv å sortere dyra slik at det er lett å sleppe dei saman og ut på beite etter kvart.
- Nok søvn er viktig for helsa. I søvnen restituerer vi og hentar oss inn att. Pass på at du får så mykje søvn som råd også i lamminga. Legg deg nedpå når du har anledning, gjer avtale med andre om avlasting både på dag og natt i lamminga.
- Mat må du ha – og skikkeleg mat. Planlegg middagar, lag opp eit lager og frys ned i porsjonar, som du lett kan varme opp. Ha så regelmessige måltid som mogleg, smør niste og ta med i fjøset. Knekkebrød bør vere i alle vaktrom.
I arbeidet med lamminga kan det lett bli belastande arbeidsstillingar, bøygd over bingen, sitjande på huk i bingen, lam som må snuast eller trekkast ut. Der finns fleire hjelpemiddel ein kan nytte for å redusere belastningane. Dette er og ting som er lurt å tenke gjennom før lamminga startar.
Tips for å lette arbeidet:
- Ein låg krakk er eit godt alternativ til å sitje på huk i bingen, avlastningsstol når du ventar sparar deg for å stå rett opp og ned.
- Mjølkepumpe, lammebytte med smukkar, utstyr til å trekke ut lam, alt dette kan vere med på å lette arbeidet.
- Fostervæska er svært sterk og tar på huda. Beskytt både deg og søye med å bruke hanskar og rikeleg glidemiddel.
Er du gravid bør du unngå å vere fødselshjelper grunna risiko for toksoplasmose og listeriose. Må du likevel, så vask hender godt både før og etter, og bruk hanskar og munnbind. Ikkje ta i døde dyr, spesielt om det er kasting og mistanke om smitte. Unngå å mjølke dyr etter kasting eller dødfødsel. Smitte over til gravide kan gi skade på barn eller føre til abort.
Andre gode tips:
- Ha gode rutiner rundt lamming, ved fôring og merking av lam. Sørg også for gode rutiner for å fylgje opp dyr som treng det.
- Ha orden og system i fjøsen. Rydd etter deg og legg ting på sin faste plass slik at du finn igjen jodspray, merkestift, flasketutar.
- Lag eit godt system slik att delingsgrindar er lett å finne igjen, sjølv midt på natta.
- Ha kontroll på noteringslister, bruk til dømes ei whiteboardtavle til å skrive ned beskjedar og meldingar om einskilddyr som må ha ekstra omsorg
- Ved merking av lam kan det vere lurt å ha ei transportkrybbe eller liknande som gjer det enkelt å ta med utstyr som trengst rundt i alle bingar. Eit godt system forenklar dei faste rutinane.
Hald ut!
«Du kan ikkje ta på kviteskjorta kvar gong det dør eit dyr i fjøsen». Sjukdom og at ein mistar dyr er ein del av realitetane. Har du gjort så godt du kunne, har du ingen grunn til å laste deg sjølv for slike hendingar. Du lyt berre riste det av deg, og fokusere på det som har gått bra, og vere klar til god omsorg for dei neste lamma som kjem.
No gjeld det å stå løpet ut, og passe på at du har overskot til å fylgje opp dei siste lammingane ôg. Lamminga er kontinuerleg døgnbereskap i fleire veker, og det er ikkje rart om du er sliten når du nærmar deg slutten. Spør etter hjelp. Om du ikkje lit på andre i lamminga, så få dei til å hjelpe deg med andre viktige oppgåver som ôg må gjerast om våren. Hugs at du er og berre ein.
Når lamminga er over, ta ei evaluering over kva som var bra og kva som kunne vore gjort betre. Skriv ned ting du meiner bør endrast medan du har dei friskt i minne, slik at du kan få ei endå betre lamming neste år.
Lukke til!