Spørsmåla og utfordringane var mange etter at restriksjonane rundt Covid-19 vart innført 13. mars 2020, både for dykk som bønder, og oss som rådgjevingsteneste. For NLR Vest vart det midlertidig stogg i alle besøk, møte og kurs som skulle haldast utover våren. Løysinga for NLR vart ei rask digitalisering av fleire tenester.
Nye digitale kurs
HMS-avdelinga var tidleg på bana med tilbod om digital gjennomgang av beredskapsplan og smittevernplan. Målet med det var å sikre ein best mogleg smittestatus i landbruket, sikre at nødvendige opplysningar om drifta var tilgjengelege, og sikre at ein hadde nokon å setje inn dersom bonden vart sjuk. Det vart etter kvart laga til digitale plantevernmøte og våronnmøte med god deltaking. Seinare har det vore digitale HMS-kurs og autorisasjonskurs, også desse med god deltaking.
Frå styresmaktene og fleire andre hald kom det sterke oppmodingar om at ein måtte så og plante som normalt, gjerne auke produksjonen, særleg innan dei arbeidskraftintensive produksjonane, frukt, bær, potet og grønsaker. I næringa var det naturleg nok skepsis til effektiviteten og kvaliteten av norsk, urøynd arbeidskraft, men òg til smittefaren ved å ta inn store grupper med haustehjelp til våre små bygder og kommunar.
For å vere mest mogleg budde på ein situasjon med ny, urøynd arbeidskraft, vart det frå NLR-HMS produsert to kurs; eitt om hygiene i grønt/frukt/bær, og eitt om grunnleggande HMS for nye arbeidstakarar. Kursa vart tilbydde både digitalt og ved fysisk oppmøte. I NLR Vest var det lite etterspurnad etter desse kursa i år, noko som kan ha fleire årsaker. Vi ynskjer likevel å vidareutvikle desse kursa, gjerne på fleire språk, og meir konkret retta mot dei ulike produksjonane. Vi vil då kunne tilby opplæring både i hygiene og HMS direkte til arbeidstakarane ute hjå den einskilde produsent.
NLR Vest har laga enkle sjekklister, risikoskjema og rutinebeskrivelsar
Mattilsynet utarbeidde ein rettleiar i smittevern for produksjon av frukt, bær, grønsaker og potet. Denne skulle bidra til minst mogleg risiko for smittespreiing mellom innleigde arbeidstakarar, og sjølvsagt ut til forbrukar. Dette vart relativt detaljert og omfattande. Eit viktig moment i denne er inndeling i små arbeidslag utan kontakt med kvarandre, rutinar for reinhald i garderobe, matsal og andre fellesareal og handlingar dersom nokon vart smitta.
I NLR Vest har vi halde oss oppdaterte om Covid-19 og aktuelle smittvernrettleiarar, slik at vi skulle kunne hjelpe medlemane med spørsmål, skjema og systematikk i høve smitterisiko. Vi har gått gjennom smittevernrettleiaren frå Mattilsynet og sett delar av denne inn i enkle sjekklister, risikoskjema og rutinebeskrivelsar. Målet med dette var å gjere rettleiaren så konkret som mogleg.
Erfaringar frå Lærdal og andre kommunar
Rikard Lysne og Olaug Skjerdal i Lærdal er mellom dei som har gjort seg nytte av vår hjelp med rettleiaren. Dei har hatt færre innleigde arbeidstakarar i år enn tidlegare, mykje på grunn av det dårlege morellåret, men og fordi dei har avvikla bringebærproduksjonen. Fordelen med dette i år, var at dei hadde rikeleg med plass i bueiningane. Dei opplevde at dei faste arbeidarane dei har hatt tidlegare ikkje fekk det til å passe med jordbærsesongen, og måtte dermed få inn nye plukkarar. Alle arbeidarar måtte i 10 dagars karantene, noko som førte til at ein del av jordbæra ikkje vart hausta til rett tid, og vart øydelagde. Fleire jordbærdyrkarar opplevde det same, sidan reglane for innreisekarantene ikkje vart letta på før eit stykke ut i haustinga. Det viste seg også at moglegheitene for testing var ulik mellom kommunane. I Nordfjord skal dette ha gått greitt, medan i Sogn opplevde dyrkarar å måtte reise langt og betale dyrt for testing. Beredskapsplanar og testekapasitet lokalt i kommunane er eit viktig tema for komande sesong.
Olaug fortel at arbeidarane var flinke med avstand og smittetiltak i karantenetida, men at det var snart å gløyme seg når ein arbeidde ute i åkeren i lag med dei andre. Ho tykte det var greitt å få delt smittevernrettleiaren opp i meir konkrete punkt og lister som kunne etterprøvast og brukast som påminning. Arbeidarane hengde sjølv opp plakatar på eige språk om smittevern og avstand i husværa. Der var og sett av eiga leilegheit som kunne nyttast til isolasjon ved smitteutbrot. Heldigvis slapp dei å bruke denne.
NLR Vest skal halde oss oppdaterte på tiltak og smitterisiko
Når sesongen no er slutt, er det tid for å puste ut, og lure på korleis neste år blir når det gjeld Covid-19 og smittefare. Vi i NLR Vest skal framleis halde oss oppdaterte på tiltak og smitterisiko og yte best moglege rådgjevingstenester til våre medlemar, det er berre å ta kontakt!