Årsaker til vinterskade

Det er 9 år sidan heile Vestlandet fekk merke kva dramatisk skade isbrann kan føre til, men det er ikkje berre isbrann som kan skade eng gjennom vinteren; soppangrep vil truleg gje meir vinterskade i eng enn isbrann i åra som kjem. Milde og våte haustar og vintrar med snø på telefri mark er grunnen.

Mykje gras og væte

Liv Østrem, forskar og «graskjennar» framfor nokon, seier at sommaren og hausten 2021 var spesiell. Den varme sommaren gav god grasvekst utover ettersommaren. Sjølv der det vart teke 3 slåttar kom enga godt opp att i september og oktober. Særleg eng med bladgrasrike artar (svingelartar og fleirårig raigras) har god vekstkraft på ettersommaren når tilhøva vart som i fjor. Dette var tydeleg å sjå mange stader.

Oktober vart svært våt; på Fureneset vart det målt 490 mm nedbør (det doble av normalen). I november og desember kom det normalt med nedbør, men i januar 2022 kom det 372 mm nedbør på Fureneset, og langt innover i fjordane kom nedbøren som regn. På litt kaldare stader kom det snø på telefri mark.

Soppangrep

Det er velkjent at mykje gras på telefri mark kan gje soppskade, i hovudsak snømugg men også andre sopporganismar gir skade. Under snødekke er det temperatur rundt null grader og snømugg har gode vekstvilkår.

Sitat frå Plantevernleksikonet:

«Ved høy luftfuktighet produserer soppen sporer som smitter høstkorn og engvekster om høsten og sjukdommen utvikler seg i løpet av vinteren under snødekke. Soppen får gode betingelser når snøen smelter nedenfra. Dette er vanlig når snøen har lagt seg på ufrossen mark, eller når telen går opp før snøsmeltinga. Soppen kan vokse på plantene ved 0 °C, og den fuktige lufta under snøen fremmer soppens utvikling, mens plantene svekkes bl.a. av mangel på lys. Vekst av soppen fra plante til plante gjør at området med drepte planter vokser utover».

Dårlege herdingsvilkår hausten 2021 med vekst langt utover hausten og store nedbørsmengder, gav svekka grasplanter. I ytre strøk som på Fureneset, såg ein snømuggangrep etter berre ei vekes tid med snø på seinvinteren utan at det vart meir skade av det. Dårleg tilpassa sortar i feltforsøk har likevel fått hard medfart og stor utgang, også utan snødekke av noko lengde. Dette viser kor viktig det er å bruke godt utprøvde sortar.

Tiltak i skadd eng

Eng som er skadd av snømugg må ein direkteså eller fornye 100 % alt etter skadeomfang. Bøndene som har fått skade i vinter og som vi har besøkt, har anten gjort tiltak eller dei vil sette inn tiltak straks. Nokon har køyrt over med ei moseharv eller langfingerharv for å gjere det lettare for graset å komme gjennom det tette laget med samanfiltra daude planterestar.

Direktesåing er det mest aktuelle tiltaket iallfall i ung eng. I skadd eng er det god spireplass for frøet, og derfor er dette ein velfungerande metode som tek lite tid. Det hastar å få frø i jorda; på dei tidlegaste stadane i fylket er det for seint no, men på seinare stader vil det gå fint å reparere tynn eng enno.

Bruland 4 mai 2022
Bruland i Førde 4. mai 2022. Kraftig soppangrep (snømugg) i ung eng. Dei store flaka med samanfiltra blad er nesten papiraktige å ta på. I tillegg avslører den svakt rosa fargen at snømugg har herja.
20220428 Horstad B
Horstad i Naustdal 28. april 2022. Steffen Veien, Jan Erik Horstad og Liv Østrem, forskar ved Nibio Fureneset, studerer eng utsett for hardt soppangrep (snømugg).
20220428 Osengard
Lystig gjeng på Osen Gard i Bygstad til tross for tynn eng. F.v. Olav Johan Mo, Liv Østrem og Ole Magnus Mo konstaterer at førsteårs eng med 100 % fleirårig raigras har fått seg ein trøkk i vinter av snømugg.

Snømugg

Snømugg er ein vanleg overvintringssopp, og den er ein av dei viktigaste årsakene til at haustkorn og gras kan bli drept i løpet av vinteren. Størst skade oppstår ved frodig og tett plantebestand under langvarig snødekke (gjerne minst to månader) og lite tele. Skadane kan variere frå små, ubetydelege flekkar til øydelegging av store areal. Dei mest karakteristiske symptoma er daudt gråkvitt samanfiltra bladverk som ligg flattrykt mot jorda, gjerne med eit rosa skjer.
20220518 174603
Stardalen, 18.05.22: Snømugg på ny og gamal eng, eng som blei slått tre gongar, og eng som overvintra med mykje plantemateriale på. Skadane er store, og ein må direkteså eller fornye 100 % alt etter skadeomfang.
20220518 174812
Stardalen, 18.05.22: Snømugg på ny og gamal eng, eng som blei slått tre gongar, og eng som overvintra med mykje plantemateriale på. Skadane er store, og ein må direkteså eller fornye 100 % alt etter skadeomfang.
20220518 160126
Stardalen, 18.05.22: Snømugg på ny og gamal eng, eng som blei slått tre gongar, og eng som overvintra med mykje plantemateriale på. Skadane er store, og ein må direkteså eller fornye 100 % alt etter skadeomfang.
20220518 150103
Stardalen, 18.05.22: Snømugg på ny og gamal eng, eng som blei slått tre gongar, og eng som overvintra med mykje plantemateriale på. Skadane er store, og ein må direkteså eller fornye 100 % alt etter skadeomfang.

Dersom du ønskjer besøk av din lokale rådgjevar for hjelp til vurdering av eng og beite, kan du bestille det via skjema under.