Endringane i klima er ei stor utfordring for bonden, og det vert stadig fleire hjelpemiddel til å planlegge drifta. Senteret Climate Futures er eitt av dei. Dei spår at det mest sannsynlege scenarioet per i dag er ein varm sommar med ein god del nedbør.

Climate Futures er eit Senter for Forskingsdrive Innovasjon (SFI) som utviklar klimavarsling frå ti dagar til ti år framover for handtering av klimarisiko i vêr- og klimautsette sektorar. Målet deira er å etablere eit langsiktig samarbeid mellom privat næringsliv, offentleg sektor, service- og næringsorganisasjonar og forskingsinstitusjonar, for saman å kunne takle ein av vår tids største utfordringar.

Climate Futures, som vert leia frå NORCE, starta 1. oktober 2020 og tek utgangspunkt i Bjerknessenteret for klimaforskning. Dei samarbeider med mange andre forskingspartnarar og universitet.

Saman med 40 ulike partnarar prøver dei å finne betre metodar og praksis for handtering av klimarisiko.

Dei ulike analysane og metodane syner mellom anna:

  • Stor sjanse for at juni månad vert varmare enn normalt fleire stadar i landet.
  • På Vestlandet og opp i Nord-Noreg er det ein stor sjanse for at juni 2024 kjem til å bli blant dei tre varmaste av dei siste ti åra.
  • Prognosane seier og at heile sommaren, juni, juli og august vert våtare enn vanleg, og truleg noko varmare enn vanleg.
  • Tørken i store delar av april og mai månad var varsla og stemde.
Microsoft Teams image 1
Bilete: Åsmund Seljeset, Marit Henjum Halsnes og Dag-Arne Eide
20210902 160704
Bilete: Åsmund Seljeset, Marit Henjum Halsnes og Dag-Arne Eide
20210908 105927
Bilete: Åsmund Seljeset, Marit Henjum Halsnes og Dag-Arne Eide
20141029 134112
Bilete: Åsmund Seljeset, Marit Henjum Halsnes og Dag-Arne Eide

I Vestland er det med ein del deltakarar for å sjekke ut prognose/varsel som kjem kvar veke på e-post. I tillegg er det nettmøte der ein snakkar om vêret som har vore og vêret som kjem. Vi har snakka med tre ulike bønder som har vore med dei to åra dette har vore i drift.

Mjølkebonde Claus Moe, Hafslo i Luster tykkjer det er svært interessant og spennande. Det er eitt av fleire hjelpemiddel til bruk for å planlegge drifta; om ein skal gje gass eller byrje å bremse. Han trur elles at bøndene i nedbørsrike område har størst nytte av prognosane.

Mjølkebonde Magne Norddal, Fjaler seier at i starten tok det litt tid å forstå og tolke prognosane, men han er svært positiv og støttar seg meir og meir på prognosane. Det er til god hjelp i planlegging av arbeidet på garden. Normalt er det 3500 mm regn i året, og få godvêrsluker er gull verd. I oktober i 2023 var prognosane tre veker utan nedbør, han tok sats og fekk gjort ferdig eit nydyrkingsfelt på ti dekar utan regn.

Torbjørn Amundsen, Granvin i Voss herad, driv med ammekyr og sau. Han har god nytte av prognosane og har stor tillit til programmet. I fjor stemde vêret veldig godt med prognosane. I slåtten er det berre å hive seg rundt og slå når prognosane er gode.

Alle tre understrekar at prognosane ikkje klarar å fange opp ettermiddagsbyer i sommarmånadane. Det er nesten umogeleg, då ettermiddagsbyer er tilfeldige og veldig lokale. Til orientering så kom Yr.no med 21-dagars varsel her i vår. Då er det mogeleg for alle å sjekke vêret 21 dagar fram i tid, og få hjelp til å planlegge tiltak på garden.

Torke