Myr- og vegtistlar er toårige plantar med pålerot. Rotsystemet er forholdsvis grunt, og vekstpunktet ligg like under jordoverflata. Formeiring og spreiing skjer berre med frø. Fyrste året dannar planten ein bladrosett som overvintrar. Andre året blomstrar planten (juli- september), set frø og døyr. Myr- og vegtistlar er sjeldan eit problem på slåttemark. Her blir dei stort sett utkonkurrert av andre plantar og slått under innhausting av fôret. På beite er tistlar eit problemugras som reduserer kvaliteten og fører til tap av konkurransesvake artar.
Mekaniske tiltak
Tistelfrø er svært spirevillege, og det er svært viktig å hindre frødanning. Ei moglegheit er kutting av planten like under jordoverflata. Planten vil då tørke ut og døy. Pass på å kappe under lågaste bladet for å få med vekstpunktet!
Hakking av tistel kan ein utføre heile året ved bruk av enkle reiskapar som f.eks. ei potethakke.
Eit anna tiltak er å kutte stengelen heilt nede. Ver forsiktig med å slå planten for tidleg (før begynnande blomstring)! Tistelen prøver å forsvare seg, og kutting av stengelen før blomstring kan stimulere veksten av fleire nye blomsterstenglar.
Avhengig av omfang og terreng kan ein slå tistel med ryddesag, tohjuls slåmaskin eller slåmaskin bak traktor dersom jorda er lagleg. Etter slåing bør ein fjerne plantane og evt. brenne dei for å unngå ettermodning av frøa.
Kjemiske tiltak
Forsøk utført av NLR Rogaland (Haugaland Landbruksrådgjeving) har vist at hakking av tistlar er eit svært effektivt tiltak. Tidsforbruket ved sprøyting eller hakking av opp til ca. 1500 tistlar er ganske likt. Og det kan uansett løne seg å bruke ca. 3 t for å hakke, enn å bruke 2,5 t for å sprøyte 2000 tistlar. Med miljøvennleg hakking slepp ein å tenkje på behandlingsfristar, sprøytejournal og verneutstyr, og kan kombinere hakking med anna beitetilsyn.
Har ein svært mykje tistlar, kan det vere fornuftig å sprøyte med MCPA. Den høgste lovlege dosen er redusert til 240 ml pr. daa. Det kan også vere aktuelt å blande andre middel + MCPA, eller bruke Matrigon (off-label). Hugs behandlingsfristane i beite!