Det ser ut som regnet skal dominere ut august, men at det kan bli nokre dagar med opphald frå månadsskiftet. For deg som skal ta ein siste slått gjeld det å vere klar med utstyret når det er tilstrekkeleg turt til å komme seg utpå. Høg stubbing er viktig for reinare fôr og betre høve for god overvintring.

Dagane er kortare, og opptørkinga går seinare. Det er fordel at ikkje siste slått vert for sein; dette vil i så fall redusere overvintringsevna og første slått neste år. For raigrasdominert eng kan ein slå noko seinare utan å redusere overvintringsevna.

Raigraset veks så lenge temperaturen er høg, og bryr seg mindre om at dagane vert mørkare enn til dømes timotei. Dersom raigraset overvintrar med ein betydeleg bladmasse (til dømes høgare enn 20 cm), vil det ofte kunne gje dårlegare overvintring p.g.a. snømugg. Graset legg seg flatt og dannar eit tett teppe som klistrar seg til bakken, ofte med utgang som resultat.

Timotei har mindre vekst om hausten når dagane blir kortare. Dette gjeld sjølv om temperaturen er høg. Det betyr at tilveksten i ei timoteibasert eng blir mindre om hausten samanlikna med til dømes ei raigrasdominert eng.

For dei som tek to slåttar hender det vi får spørsmål om det kan bli for mykje gjenvekst. I dei fleste år er det ikkje negativt om det står att ein del bladmasse om hausten i ei timoteibasert eng. Motsett; om ein haustar seint, og i tillegg stubbar lågt, vil ein sjå at første slått året etter blir mindre. Dersom du vel å slå seint bør du vere budd på å direkteså raigras i enga våren etter. Det må vere tørt nok i bakken for utstyret; det er sjeldan verdt å køyre sundt torva for å hauste ei lita avling seint på sesongen.

Foto av Olav H Bringedal
Attlegg med strandsvingel (Strand nr 22.) på Voss. Foto: Olav H. Bringedal.

Korleis er det med nokre av dei «nye» grasartane som for eksempel strandsvingel? Vi har spurt eksperten Liv Østrem, tidlegare forskar ved NIBIO Fureneset. Ho seier at strandsvingel har mykje gjenvekst på seinsommaren, men vil avslutte veksten tidlegare enn raigras. Siste hausting bør takast under gode vèrtilhøve før utgangen av september. På grunn av den nedbørrike hausten på Vestlandet er det ofte aktuelt å slå så seint at det påverkar innvintringa av desse grasartane. Ein våt og mild haust kan i seg sjølv vere til hinder for god innvintring, noko som gjer graset meir utsett for vinterskade. Gulning i bladverket utover hausten kan skuldast soppangrep, men er ofte følgje av vassmetta tilhøve i jorda, dårlegare næringsopptak og dermed generell aldring av bladverket.

Foto av Olav H Bringedal 2
Foto: Olav H. Bringedal.

Kort oppsummering av vekstsesongen frå yr.no

Vekstsesongen 2024 starta med ein ganske kald andre halvdel av april og nedbør tilsvarande 30-årsnormalen. Mai var varm og tørr, og mange bønder tok fyrsteslåtten i slutten av mai eller tidleg i juni. For mange vart dette både ei og to veker tidlegare enn «vanleg».

Juni var òg nokså tørr, men vi fekk ingen lange periodar utan nedbør, slik at slåtten vart teken over eit langt tidsrom. Dette har også ført til at tidspunktet for andreslåtten har variert frå andre veka i juli og heilt fram til regnet sette inn i august.

Yr.no melder no om regn ut august, men at det i månadsskiftet kan verte opphald. For dei som skal ta ein siste slått er det ingen grunn til å vente når forholda blir laglege.