Prosjekteigar var NIBIO. Gunnlaug Røthe var feltansvarleg på Voss. Feltansvarlege på Vartdal var Åsmund Kristensen og Olav Martin Synnes.
Tabell 1.- Verknad av tid mellom 1. slått og gjødsling, på avling og tørrstoff-% i håslåtten. Resultat frå to felt i NLR Vest, og samla for alle 12 felt i forsøksserien.
Dagar etter 1. slått | Avling 2. slått, kg tst./daa | Tørrstoff % |
Voss | ||
3 | 589 | 25,2 |
8 | 561 | 22,5 |
15 | 628 | 24,3 |
P | i.s. | i.s. |
Vartdal | ||
3 | 550 | 17,6 |
9 | 544 | 18,0 |
15 | 574 | 16,1 |
P | i.s. | 0,046 |
Snitt for 12 felt | ||
3 | 508 | 24,7 |
10 | 505 | 23,1 |
18 | 479 | 23,4 |
P | 0,05 | 0,001 |
Førebels konklusjon.- I felta på Voss og Vartdal var det ingen sikker skilnad i avling mellom ulike gjødslingstider etter første slått. I feltet på Vartdal førte sein gjødsling til litt lågare tørrstoff-% i avlinga. Ser ein alle dei 12 felta samla, er det ein svak tendens til til lågare avling ved den siste gjødslingstida. Ser ein nøgnare etter, er det to felt på Austlandet som har utført gjødslinga seinare enn oppgitt i planen. Desse to felta er gjødsla siste gong 24 og 36 dagar etter første slått. Utan desse to felta i samandraget, ville ein neppe fått sikre skilnader i avling mellom gjødslingstider mellom 0-1-2 veker etter slått.