Mineralgjødsel er ein viktig ressurs, og nødvendig for å kunne hente store gode avlingar frå enga. Med den store prisauken som har vore på mineralgjødsel i det siste, som ikkje ser ut til å bli redusert med det fyrste, blir det endå meir viktig å utnytte potensialet i kvart einaste gjødselkorn. Rundtom på vestlandsgardane er det mang ein mineralgjødselspreiar, og fleire hadde nok si storheitstid på 90-talet. Kanskje er det på tide med ei oppgradering?
Teknologien når det gjeld spreiing av mineralgjødsel har ikkje stått tilbake for teknologiutviklinga elles i landbruket. Spreiarane no er både meir nøyaktige, og langt meir effektive enn sine forgjengarar. Prosjekt gjennomført av NLR Vest, med utvikling av eit nytt hjelpemiddel for presisjonslandbruk, viser moglegheitene og potensialet ein har på sin gard og sine skifte i form av innsparingspotensial. I snitt ligg dette rundt 10 %, og med dagens mineralgjødselprisar vil dette fort gi innsparingar som kan hjelpe til å forsvare investeringa i ny mineralgjødselspreiar.
Ein av dei som har gått fullt inn for bruk av moderne spreiing av mineralgjødsel, er Hjørungdal gard på Hareid på Sunnmøre. For fleire år sidan gjekk dei til innkjøp av mineralgjødselspreiar med seksjonskontroll og kantspreiingsutstyr. Med 1200 mål som årleg skal gjødslast, er det viktig med effektivitet i arbeidet. Så langt er det gode erfaringar å hente, Gjødselmengda har blitt redusert utan reduksjon i avling. Men sjølv om erfaringane er gode, og ein nok tenar inn investeringa på sikt, er noko av utfordringa kompliserte system som ikkje alltid fungerer på tvers av merke og årgang på utstyr og dataprogram. Det tek tid å sette seg inn i systemet, og det er nok alltid ein liten gjennomgang før kvar vår. Men som brukarane på Hjørungdal gard seier «vi hadde aldri gått tilbake til den gamle spreiaren». Dei har no også tatt steget vidare og gått til innkjøp av åkersprøyte med seksjonskontroll, som skal takast i bruk denne vekstsesongen.
Innkjøp av slik utsyr er i dei fleste tilfelle ganske kostbart. Kapasiteten er stor, og er dermed godt eigna til entreprenørar. Ved kjøp mellom naboar må ein vere klar over dei teknologiske utfordringane slikt utsyr medfører. «Fleire kokkar gir meir søl» er svært gjeldande her, ettersom ein skal vere fleire med ulik traktor og utstyr på same mineralgjødselspreiar. Kanskje er det enklast å ha ein ansvarleg som køyrer for andre med sin traktor.
- Kantspreiar er det enklaste og mest effektive for å utnytte mineralgjødsla betre. Ein forhindrar at mineralgjødsla går til «skogen», og får god dekning av kantane. Kantane kan i mange tilfelle utgjer heile 20 % av arealet, og ein kan oppnå 30 % høgare avling enn ved bruk av tradisjonell spreiing.
- Ver klar over at ein må bruke tid på å sette seg inn i systemet.
- Lønsamt på alle gardsbruk. Berre ved bruk av kantspreiar er det estimert at ein kan spare 20 000 kr/år med eit bruk på 300 daa.
Les meir om innstilling og bruk av mineralgjødselspreiar her: Kan vi utnytte mineralgjødsla betre?