Figuren under syner at gjødselprisane er høgre no enn dei var i sommar. Figuren er basert på prisar frå FKA, men vil nok variere ein del avhengig av frakt og volum m.m. Figuren her syner prisauke på 7-8 % i høve til juli 2024. Unntaket er kalksalpeter som har auka ein god del meir i pris.
Gjødslingsplanlegging
Vel så viktig som sjølve prisen er val av rett type gjødsel i høve til behovet. I NLR lagar vi gjødslingsplanar til det beste for bonden, samstundes som vi må sikre næringsdekning for plantane. Planleggingsprosessen er eit samspel mellom næringsinnhaldet i jorda, bruk av husdyrgjødsel og supplement av rettast mogleg type mineralgjødsel. Det er kaliuminnhaldet i jorda og tilførsel av kalium i husdyrgjødsla som nesten alltid er avgjerande for val av mineralgjødsel.
Med husdyrgjødsel
I store område på Vestlandet er jorda kalium- og fosforrik. Ved bruk av husdyrgjødsel syner det seg ofte at den fosforfrie gjødsla OPTI-NS er mest aktuell. Dette er også den billegaste aktuelle gjødseltypen. Bruk av OPTI-NS gjer det oftast lett å halde seg på moderat fosfortildeling, noko som er viktig i dag, og blir endå viktigare i tida framover.
I område nær kysten, og elles på myrjord, er kaliumtilstanden mykje svakare enn i indre strok. Er situasjonen slik at du har lite kalium og mykje fosfor i jorda, så blir den fosforfrie gjødsla OPTI-NK 22-0-12 aktuell. Spesielt om du brukar husdyrgjødsel som kan bidra med noko fosfor. I dag er 22-0-12 meir aktuell enn for nokre år sidan, sidan prisen no er i nærleiken av prisen på «konkurrentane» Fullgjødsel 22-2-12 og 22-3-10.
Fullgjødsel 25-2-6 er den rimelegaste fullgjødsla når vi ser på pris pr. kg nitrogen. Kr pr. kg N er den eigentlege prisen på gjødsel, prisen det kostar å bruke den. 25-2-6 blir såleis det første alternativet vi vel når OPTI-NS ikkje strekk til. Denne gjev oss litt fosfor og kalium som kan supplere husdyrgjødsla i område med middels kaliuminnhald i jorda. 25-2-6 må nesten alltid brukast i kombinasjon med husdyrgjødsel på grunn av det låge kaliuminnhaldet på 6 %.
Utan husdyrgjødsel
Om du ikkje har husdyrgjødsel, så krev det bruk av gjødsel med både nitrogen, fosfor og kalium. Oftast blir det 22-2-12 eller 22-3-10 som då må brukast. I spesielle høve med svært lite kalium i jorda, kan det vere aktuelt med 18-3-15. Dette er den dyraste gjødsla som vi sjeldan tilrår.
Dersom du vil ha meir detaljar rundt val av gjødsel, så ta kontakt med ein NLR-rådgjevar! Kanskje du treng ny gjødslingsplan?