Attlegget var delt opp i to område, kvart på 25 dekar. Dei er kalla «Djupegota» og «Merkje». Det eine området blei sådd 06.05, det andre 13.05. Det blei sådd Strand nr 22; 30 % timotei, 45 % strandsvingel, 10 % fleirårig raigras og 15 % kløver (kvit og raud). Som dekkvekst blei det brukt 4 kg kveite av sorten «Mirakel». Det var tørt i starten, noko som gjorde at spiringa var ujamn.

Planen var at det eine området skulle stå lenger før slått enn det andre, for å synleggjere avlings- og kvalitetsskilnader. Dessverre blei veret slik at begge områda blei hausta om lag ved same utviklingsstadium og veksetid.

Vi følgde med attlegga utover sommaren, og har teke med mange bilde som syner utviklinga utover i sesongen. Nedst i artikkelen finn du fôranalyser og oppsummering.

Nr 1 30 05 2024 Djupegota 1
30.05: Spiringa var ujamn, og vi måtte leite litt for å finne område med vellukka etablering.
2
27.06: Så vidt synlege aks på kveite på Djupegota.
11 juli 24 3
11.07: Kornet på Merkje står her meterhøgt og i skyting ca. to månader etter såing.
19 07 24 4
19.07: Kveiten står fint i skyting på Merkje. Ingen legde å sjå.
26 07 24 5
26.07: Står like fint ei veke seinare.
26 juli 2024 6
26.07: Aks av kveite.
2 august 24 7
02.08: Snart slått. Planen var å vente endå ei stund før slått her på Merkje, men veret tvinga fram slått tidlegare enn planlagt. Det vart for risikofylt å vente, men uheldigvis blei det likevel regn før pressing.
Kveite kopi
02.08: Akset gulnar.
Slatt 4 august 24 9
04.08: Det er søndag, og vermeldinga tvinga fram slått på Djupegota. 90 døgn etter såing.
4 august Slatt 10
04.08: Vi skimtar gulskjer i kornet, men det er ikkje kome i deigmodning. Grasveksten i botn ser bra ut.
4 august Slatt Djupegota 11
04.08: Kveiteaks.
14 august 24 76 34 12
14.08: Rankar på Merkje dagen etter slått. Det hadde regna.
Gjenvekst 16 09 24 13
16.09: Ca. ein månad etter slått på «Merkje» er gjenveksten godt i gang. Planen var å slå attlegga berre ein gong, og slik blei det. Sauene fekk beite noko utover hausten.

Utdrag frå fôranalysar av avlinga frå dei to områda med kveite som dekkvekst i attlegg i 2024. Alt er NIR-analysar. Det er brukt Fôrsil som ensileringsmiddel.

MerkjeDjupegota
Tørrstoff, %25,631
Råprotein, g/kg ts118110
PBV5-1
FEm/kg ts0,790,79
Ammoniakk-N, g/kg N109120
NDF, fiber, g/kg ts507498
INDF, ufordøyeleg fiber, g/kg NDF260250
Totalt sukker, g/kg ts6398
OMD, fordøyelegheit6768
Stivelse, g/kg ts9972
pH4,44,4
Mjølkesyre, g/kg ts5058
Eddiksyre, g/kg ts1311
Propionsyre, g/kg ts45
Smørsyre, g/kg ts02
Såing, dato

12.05

06.05

Slått, dato13.0804.08
Døgn frå såing til slått9290

Oversyn over areal og avling.

vekt pr. ballTal ballarTal ballar pr daaFEm pr. ballFEm pr. daa
Djupegota25 daa850 kg692,8208575
Merkje25 daa873 kg642,6177450


Prøvene frå dei to områda er forholdsvis like, men tørrstoffinnhaldet er ulikt. Noko som har med nedbør rundt slått å gjere. Vi legg merke til det låge proteininnhaldet, det forholdsvis høge fiberinnhaldet og den låge fordøyelegheita. Dette kjem nok av at kornet utgjer ein stor del av avlinga, utan at aksa var utvikla med korn. Høgt fiberinnhald vil vere positivt for feittprosent i mjølk. Ved bruk av korn som dekkvekst er det meir vanleg å hauste kring skyting, dvs. ca. to månader etter såing. Då er det meir å rekne som grønfôr, der verdien av sjølve kornet ikkje er spesielt stor, men verdien ligg mest i total mengde fôr.

Ammoniakk- og syreinnhaldet er noko høgt, men ikkje dramatisk. Gjæringa har vore i sterkaste laget.

Oppsummering/diskusjon

Ved å bruke kveite som dekkvekst på denne måten, låg det eit ynskje om å produsere grovfôr som har same bruksområde som mais. Eit fôr med fiber, sukker og stivelse som høver saman med proteinrikt (og våtare) fôr av gras. Planen var å hauste halvparten endå seinare for å få meir stivelse i avlinga, kanskje bortimot deigmodningsstadiet på kveiten. Vertilhøva framskunda slåtten på Merkje. Difor enda vi opp med same veksttid på begge stadane. Difor liten kvalitetsskilnad.

Etter mjølkemodning av kornet blir fiberdelen stadig mindre fordøyeleg, men sidan kornet utgjer stadig større del av fôret, så skjer det lite endring i fordøyelegheita av det totale fôret ved utsett slått. Ved deigmodning har vi eit struktur- og stivelsesrikt fôr som passar godt saman med tidleg hausta grovfôr. Ved deigmodning har avlinga ein heilt annan kvalitet enn vanleg grovfôr av gras. Fôrverdien ligg først og fremst i innhaldet av stivelse i kornet. For å nå deigmodning måtte nok slåtten ha vore minst eit par veker seinare. Det hadde vore interessant og prøvd kveite som dekkvekst ved endå seinare slått.

Kveite har stivare strå enn bygg og havre, noko som gjorde at vi ikkje fekk særleg legde, trass i at kveitesorten Mirakel ikkje er blant dei med stivast strå.

Etter slåtten fekk vi god gjenvekst av gras, i overkant mykje å la stå inn i vinteren. Det blei beita lett med sau.

Sjå også denne artikkelen: Grønnfôr eller helgrøde - høstetid for korn | Norsk Landbruksrådgiving