Olav Martin Synnes

Mine første år budde familien på Haramsøya, før vi flytta til Vigra. Far var odelsgut, og overtok småbruket etter sine foreldre. Det hadde vore fire kyr på garden, seinare vart det kjøtproduksjon. Det var arbeidshest på garden. Eg fekk oppleve hesjing!

For oss tilsette i NLR Vest er hausten hovudsesong for jordprøvetaking. I desember, januar og februar er det tid for å studere analysetal frå laboratoriet, og lage planar for komande sesong. Ein tendens vi ser er at kalktilstanden er fallande på mange bruk. Det blir kalka sjeldnare enn før. Opplysningar frå kalkleverandørar stadfestar utviklinga. Det er ikkje uvanleg å finne pH-verdiar lågare enn 5,5 på mineraljord. Kalk på sur jord gir betre rotutvikling, høgare avlingspotensiale, betre utnytting av gjødsel og meir optimalt mineralinnhald i grovfôret.

Kalkstein, dolomitt og skjelsand

Det finst mange gode kalktypar å velje mellom. Verknaden er knytt til innhaldet av kalsiumoksid (CaO), og magnesiumoksid (MgO). Den syrenøytraliserande evna blir uttrykt som innhaldet av «CaO-ekvivalentar». Kalkstein inneheld 45-50% CaO, medan dolomitt inneheld nær 55% CaO + MgO.

Skjelsand har vore mykje nytta ved kysten. Innhaldet av CaO er lågare enn hos kalkstein og dolomitt. Minstekrav til godkjend vare er 30% CaO.

Finmalen kalk verkar raskare enn grovmalen, men støvar meir ved spreiing. Granulert kalk er lett å spreie, men kostar meir.

Rettleiande kalkverdi

For å samanlikne verdien av ulike kalkslag, nyttar ein uttrykket «Rettleiande kalkverdi for 1 år og 5 år». Det seier noko om kor raskt kalken løyser seg i jorda etter spreiing. «Kalkverdi 1år/5år på 20/40» tilseier at 20% av tilført CaO løyser seg opp etter 1 år, medan 40% blir oppløyst etter 5 år. Grovmalt kalk løyser seg seinare enn finmalt. Dolomitt løyser seg seinare enn kalkstein.

Høveleg kalktilstand i eng og beite

Optimal pH i eng og beite vil variere med jordtype og planteartar. Tilrådinga er at pH bør vere minst 5,5, og gjerne nær 6,0. Det er neppe nokon fordel om pH er høgare enn 6,5. Ver merksam på at spreiing av mineralgjødsel fører til høgare saltkonsentrasjon i jorda. Dette fører til lågare pH-verdiar i jordprøver. Jordprøver tekne i vekstsesongen vil gi litt lågare pH-verdi enn prøver tekne i t.d. september-november.

Kalking fører til høgare opptak av kalsium i engvekstane. Bruk av dolomitt, vil også auke innhaldet av magnesium. Høgt innhald av kalsium og magnesium i grovfôret er sunt for dyra. Om Mg-Al i jordprøver er lågt, kan tilføring av dolomitt tilrådast.

Mengder

Ved kalking på overflata av eng tilrår vi moderate mengder om gongen, inntil 300 kg kalk per dekar. Større mengder kan gi forbigåande veksthemming hos engvekstar. I åker kan ein nytte større mengder om gongen. Ved bruk av store mengder i attleggs-åker, tilrår vi å spreie halvparten av kalken før pløying, og resten etter pløying. Dette gir rask og god innblanding i heile plogsjiktet.

Kor mykje kalk treng ein for å heve pH med 0,1 eining? Dette vil avhenge av jordtype. På sandjord med 8 % organisk materiale vil nær 50 kg CaO per dekar høve, eller tilnærma 100 kg kalk.

Mineralblanda moldjord, med 21-40% organisk materiale, må tilførast nær 60 kg CaO per dekar, eller 120 kg kalk. Silt og lettleire krev litt større mengder enn sandjord.

Bygdevis samarbeid om innkjøp og spreiing?

Det er skilnader mellom kommunar og bygder når det gjeld kalktilstand. Vårt inntrykk er at det tidlegare år har vore tettare samarbeid mellom brukarar når det gjeld innkjøp og spreieutstyr. Felles innkjøp kan gi betre prisar. Dette gjeld både ved båtfrakt eller bilfrakt. I mange område er det no langt mellom effektive «kalkvogner». Når større mengder kalk skal spreiast, bør ein ha tilgang til effektiv kalkvogn. Bruk av små gjødselspreiarar kan bli for tidkrevjande. Skal spreiinga bli effektiv, bør kalkleverandør gjerne låne bort kalkvogn. Alternativet er lokalt samarbeid.

Tidspunkt

Kalk kan spreiast til ulike tider på året, så lenge jorda er tørr og fast nok til tung transport. Unngå å spreie kalk på eng kort tid før slått. Kalkstøv på plantane like før slått kan føre til nedsett gjæringskvalitet på surfôret.

Med ynskje om god våronn!

Kalk LTB