Grovfôrøkonomi er eit tema som femner om både agronomi, økonomi og teknikk. I dette heftet går vi tematisk til verks, og her kjem mange tips til korleis ein kan optimalisere grovfôrproduksjonen. I mange tilfelle ser vi at ny teknologi kan vere til god nytte, -det kan lønne seg å investere i utstyr. Då er det viktig å ha klart for seg at lønsemda ligg i stor grad i at kapasiteten på utstyret blir utnytta ved ulike former for samarbeid. Her kan det vere på sin plass å sitere frå Lise Austrheim sin artikkel om bøndene i Jondal i Hardanger: ‘De har erkjent at skal de lykkes selv, må alle de andre også lykkes’. Vi må også heie på entreprenørane våre; å leige inn effektivt utstyr er ofte ein suksessfaktor.

Heftet Grovfôrøkonomi er eit samarbeid mellom NLR Vest og NLR Nordvest, økonomisk støtta av Statsforvaltarane i Vestland og Møre og Romsdal.