Har du eit gjenlegg du skulle ha sådd tidlegare i sommar, eller satsar du meir bevisst på haustgjenlegg? Då har du framleis sjansen! Vi reknar med at såing seinast i slutten av august går fint. Endå seinare såing kan gå bra, men risikoen for å mislukkast aukar.Artikkelen her omhandlar også mykje som er gyldig for gjenlegg, uavhengig av såtidspunkt.


Faktorar å ta omsyn til

Dersom du enno ikkje har brakka arealet du har tenkt å legge igjen i haust, så vil du slite med å rekke såing i august. Etter brakking må det gå minst ei veke før du kan starte jordarbeidinga. I bratte areal vil mykje nedbør etter såing kunne skade gjenlegget i form av rennande vatn og graving. I område med mykje hjort vil det vere risiko for skadeleg beiting og trakk utover haust og vinter. Kløver kan ha problem med overvintring ved haustsåing.

Dersom du har vurdert faktorane ovafor og har eit eigna areal som skal såast i august, så er det berre vêrtilhøva og arbeidskapasiteten som kan hindre deg.

Haustattlegg 23

Kalk og gjødsel

Sjekk pH på arealet ved å sjå i gjødslingsplanen din dersom det er teke jordprøve på området i nyare tid. pH bør bli noko over 6,0 etter attlegg. Då har du litt å gå på før pH blir for låg fram mot neste gong arealet skal snuast. Vi reknar grovt med at du må bruke 100 kg kalk pr. dekar for å heve pH med 0,1. Dvs. 500 kg pr. dekar for å auke pH frå 5,5 til 6,0. Ta kontakt med NLR-rådgjevaren din om du vil diskutere behovet for kalk og anna!

Moderat mengde husdyrgjødsel er nok gjødsel i haust. Det er viktig ikkje å vere for raus med møk i gjenlegget for å unngå at jorda blir ulagleg. Det kan då bli vanskeleg å få til godt såbed.

Frospirt vassarve Bu 2024 KOH
Frøspirt vassarve

Jordarbeiding

Det er sjølvsagt mange måtar å lage såbed på. Dei aller enklaste metodane er sjeldan dei beste. Uansett metode, så er det viktig at ikkje levande ugras stikk opp etter at du har sådd og tromla. Spesielt gjeld dette tunrapp og kveke. Det er ugras du ikkje kan bekjempe kjemisk etter såing, dvs. vi har eit litt «uoffisielt» råd om at det kan sprøytast med svak dose glyfosat rett etter såing, men sjølvsagt før spiring av det sådde graset. Noko risiko er det.

Spiringsprosenten er sterkt avhengig av sådjupna. Det er snart gjort å så for djupt. Spesielt er det viktig at det vesle frøet til timotei ikkje kjem for djupt. Maksimalt 1 cm sådjupne! Vi tilrår ofte tromling både før og etter såing for å redusere faren for at frøet kjem for djupt.

Gjetartaske 2 DAE
Gjetartaske

Frøugras

Det blir sagt at: «Legg du igjen om hausten, så slepp du å sprøyte!» Det er ikkje alltid rett. Du skal alltid vurdere behovet for sprøyting mot ugras. Det gjeld uansett, både ved gjenlegg og i eng. Vi har nokre frøugras som er vintereittårige. Når dei spirer om hausten, så overvintrar dei og står klar til bløming og frøspreiing neste vår og sommar. Dette gjeld blant anna vassarve og gjetartaske. Det er svært vanleg å sjå desse i enga våren etter når det er sådd gjenlegg hausten før.

Det kan vere utfordrande å finne tilhøve for sprøyting av gjenlegg i slutten av september, men det bør vurderast. Så må gjenlegget sjølvsagt sjekkast våren etter.

Du finn ein rådgjevar her!

Lukke til!

Gjetartaske DAE