Bilde over: Flott innmarksbeite på Ølnes hjå Espen A. Iversen Her er mykje skog rydda, og det har i mange år vore beita med sau og hest. Dette er eit svært fint beite med mykje vegetasjon, tre for le mot både regn og sol. Svært lite brysame ugras, noko vi kan takka hestane for.
Mange kommunar opplever reduksjon i landbruksareal som er i drift. I Sogndal kommune er det sett i gang eit prosjekt for å gjera noko med dette. I samarbeid med lokallag av Sau og Geit har dei skaffa prosjektmidlar til eit arbeid for å ta i bruk beiteareal som er gått ut av bruk. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med NLR Vest.
Målet med prosjektet:
- Stoppa nedgangen av landbruksareal i drift
- Oppretthalde talet på beitedyr i kommunen
- Auka lønsemda for småfebønder gjennom betra driftsplanlegging og auka beitebruk
I oktober arrangerte vi fire markdagar ulike stader i kommunen, der landbrukskontoret orienterte om rydding av skog og kratt, oversikt over dei ulike tilskotsordningane som RMP, SMIL og prosessen med å få inn att areal i gardskartet. NLR Vest bidrog med stell av beite, ulike tiltak og ikkje minst tiltak mot problemugras i beite.
Det er landbrukskontoret i kommunen som godkjenner arealet til slutt. I produksjonssøknader er definisjonen på innmarksbeite: Jordbruksareal som kan nyttast som beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 prosent av arealet skal vera dekka med godkjende grasartar og beitetolande urter.
Dette prosjektet skal gå i eit år med fleire samlingar, mellom anna fagmøte inne, der vi skal sjå på kart, planar og søknader. Vi i NLR Vest vil vere tilgjengelege og tilby hjelp med oppfølging av planar. Opplegget i Sogndal børe vere til inspirasjon også for andre kommunar.