Vi har eigne reglar for jordarbeiding, gjødsling, fjerning av naturleg kantvegetasjon og bruk av plantevernmiddel i kantsoner, spesielt i soner mot vassdrag. Her veks det gjerne ugras og kratt som vi fort kan rekne som heft i drifta av jordbruksarealet, men ta omsyn! I denne artikkelen skal vi sjå nærare på bruk av plantevernmiddel i denne samanheng.

Kva er ei kantsone?

På Mattilsynet sine nettsider kan du lese meir om dette.

Sitat frå Mattilsynet: « Kantsoner er vegetasjonssoner mot myr, bekkar, vatn, vassdrag, våtmarksområde, overgang mellom skog og dyrka mark, åkerholmar, grensebelte (både mellom eigne skifte og mot naboen) og åkerreiner».

Ei kantsone kan altså vere eit naturleg område med buskar, kratt og tre langs ein bekk eller elv. Det kan og vere ei vegetasjonssone som ikkje grensar til vatn. Det er ingen eksakte krav til breidda på ei slik sone. Ved manglande vedlikehald av sona, så aukar denne i breidde. Det er eit generelt forbod mot å bruke plantevernmiddel i kantsoner og åkerholmar. Dette gjeld sjølv om sona er breiare enn pålagt minsteavstand til vatn for vedkomande plantevernmiddel. Det er lov å stubbebehandle med glyfosat ved hogst i kantsone, men ikkje nærare enn 3 m frå vatn.

Du kan søkje kommunen om lov til å bruke kjemiske middel i kantsona dersom her finst svartelista artar, t.d. parkslirekne.

Dersom skog og kratt kryp inn på engareal ved at det ikkje blir slege heilt mot skogkanten, eller mot gjerde eller vegkant, så oppstår det ei kantsone som pr. definisjon ikkje kan ryddast ved hjelp av sprøyting med plantevernmiddel.

Dersom du set opp gjerde på eit engareal på eigen eigedom, eller mot nabo, så har du ingen kantsone å ta omsyn til. Då kan det sprøytast mot ugras heilt mot gjerdet, dersom det ikkje finst vatn i nærleiken. Ved manglande stell langs gjerdet, så vil det oppstå ei kantsone.

Du som bonde bør oppretthalde og vedlikehalde kantsoner som alt er der. Det vil seie at det kan vere fornuftig ikkje å la sona krype lenger inn på bøen enn nødvendig. Det er og aktuelt å rydde mekanisk i sona, dvs. ta vekk enkelttre eller annan vegetasjon som hindrar normal drift av engarealet inntil sona.

Bilde1
Her er det sprøyta med glyfosat litt for nær vatn. Vi ser at det er hundekjeks m.m. som kjem igjen, medan graset er daudt. Ei heller dårleg løysing der resultatet er svært synleg.

Ikkje glyfosat!

Sidan du ikkje kan sprøyte i kantsoner, så vil bruk av kjemiske middel mot lauvkratt, bringebær-/bjørnebærkratt, hyll, klunger m.fl. avgrense seg til å gjelde beiteområde der verken kantsoner eller vatn er tema.

Roundup og dei andre glyfosatmidla vil sjølvsagt drepe det aller meste av vegetasjon, også grasartane. Dette er både skjemmande og avslørande bruk av plantevernmiddel som vi må unngå. Det er lovleg å bruke glyfosat inntil 3 m frå vatn eller frå stader der det kan kome vatn i løpet av kort tid. (Dersom det ikkje gjeld kantsone). Dersom du brukar glyfosat på denne måten, kan du vere ganske sikker på at det er ugraset som først kjem igjen. Behald grasartane! Då må du bruke andre middel enn glyfosat.

Flurostar eller Tomahawk?

Dersom du vil sprøyte i nærleiken av vatn, så må du tenkje deg om! Dei to midla Flurostar og Tomahawk har heilt likt innhald (200 g fluroksypyr), og er i dag dei mest aktuelle midla mot lauvkratt m.m. i eit beite. Ulik godkjenning av midla (m.m.) gjer at du må kjenne til skilnadene når det gjeld bruken av dei. Flurostar kan ikkje brukast nærare vatn enn 10 m, medan Tomahawk kan brukast så nær som 3 m frå vatn. Flurostar kan ikkje brukast seinare enn 31. juli, medan Tomahawk kan du bruke ut august månad. Av desse grunnane tilrår vi bruk av Tomahawk framfor Flurostar til sprøyting mot lauvkratt i beite, spesielt der du kjem nær vatn. Det same gjeld om du skal sprøyte t.d. mot høymole i eng der du har vatn i nærleiken.

Begge desse midla er gode middel mot blant anna høymole ved dosering på 180-200 ml pr. dekar. Mot lauvkratt kan verknaden med bruk av den lovlege dosen vere litt dårleg. Det er lov å blande Tomahawk/Flurostar med Starane XL/Cleave for å betre effekten. Sidan Starane XL/Cleave har minimumsavstand til vatn på 5 m, så må den grensa sjølvsagt brukast dersom desse midla blir blanda. Behandlingsfrist for desse midla er 7 dagar.

Må føre vassjournal

Ved sprøyting nær vatn må du fylle ut vassjournal. Denne kjem i tillegg til integrert del og den «vanlege» sprøytejournalen.

Sjå her: https://www.nlr.no/plantevern/plantevernjournal-og-plantevernplaner

Dosering i ryggsprøyte

I somme høve kan det vere praktisk å bruke ryggsprøyte. Rett dosering kan vere vanskeleg. Vi har ofte brukt ein tommelfingerregel: Ta oppgitt dose pr. dekar. Del denne på 5 og bruk den mengda i 10 liter vatn.

Vi frårår bruk av ryggtåkesprøyte i samband med kantsprøyting nær vatn. Det er uråd å hindre avdrift med denne type sprøyte.

Ta gjerne ein diskusjon med ein NLR-rådgjevar!

Ikkje berre plantevern

På Statsforvaltaren i Vestland si nettside ligg ein meir omfattande artikkel som også går inn på gjødsling, jordarbeiding m.m. i kantsoner.

Klikk her for å lese den