- Ein kortversjon


Høymola er og blir det ugraset folk har mest fokus på. Det er også det ugraset vi er garantert ein evig kamp mot. Det er derimot ikkje sikkert at høymola er det mest skadelege ugraset når det gjeld avlingstap ute på bøen? Då kan fort den meir usynlege tunrappen vere verre, og ikkje minst hjorten…

Vi skriv om høymolekamp kvart år, gjerne fleire gonger for sesongen. Her kjem ein kortfatta versjon som kan hjelpe deg å velje rett kjemisk middel. Det er aktuelt å sprøyte mot høymole no etter 1. slått, eller etter 2. eller 3. slått.

Utan kløver:

Siste bruksdato pr. sesong

Pris pr. daa,

ca.

Beh.frist

Avstand til vatn

Flurostar 200

31. juli

50 kr

7 d

10 m

Tomahawk 200

31.august

50 kr

7 d

3 m

Starane XL

og Cleave

Heile sesongen

50 kr

7 d

5 m

Duplosan Super

Heile sesongen

80 kr

21d

3 m

Med kløver:

Gratil 75 WG

+ klebemiddel

Heile sesongen

80 kr

7 d

3 m

20240530 124716

Andre?

Banvel reknar vi er for dyrt å bruke til breisprøyting. Mekoprop reknar vi har dårlegare effekt enn dei andre på grunn av redusert lovleg dosering. Harmony 50 er tøft mot graset, den frårår vi til breisprøyting i sesongen. Mot høymole i attlegg er Gratil aktuelt saman med MCPA (Agroxone).

Sjekk enga på ettersommaren!

Vi høyrer stadig at i «I år er det eit skikkeleg høymoleår». Dvs. vi høyrer det kanskje kvart år, nett som det skulle vere ei overrasking! Dei høymolene du ser om våren og ved 1. slåtten, og som kjem opp som store plantar med stengel, var der også i fjor haust. Høymole som spirer frå frø i enga utover sommaren vil vi sjå med bladverk utover ettersommaren. Den er forholdsvis usynleg på avstand. Difor er det lurt å ta ein runde for å sjekke tilstanden i haust, og evt. setje inn tiltak då. Då er det ikkje sikkert at det blir «eit høymoleår» neste år!

Ta kontakt med ein NLR-rådgjevar om du vil diskutere eller ha besøk