Normalt går det om lag ein månad frå såing til det stadiet gras og kløver toler sprøytinga. Kløver skal ha fått varige blad. Samstundes må det sjølvsagt vere ugras tilstades før ein kan sprøyte. Nesten alltid vil det kome meir ugras enn det kan sjå ut til på eit tidleg stadium. Såleis er vi freista til å seie at å sprøyte eit attlegg mot frøugras er obligatorisk i konvensjonell drift. Når ein har lagt ned tid og pengar i eit attlegg, så er det dumt ikkje å fullføre jobben ved å bekjempe ugraset. Spesielt kan vassarve gjere stor skade. I attlegg med kløver har vi no i praksis berre lågdosemiddel igjen. Alle desse skal blandast med 50 ml MCPA pr. dekar. Basagran M75 er utgått, men det let seg gjere å blande Basagran SG med MCPA. Dette er ei dyr løysing. 0,75 gram Express SX + 50 ml MCPA er i dag den klart mest brukte blandinga mot frøugras i attlegg med kløver. Svært rimeleg løysing. Express SX er spesielt god mot vassarve og fleire andre frøugras. Det er viktig at ein ikkje overdoserer med Express. Dette midlet kan skade gras og kløver. I praksis er det gjort gode erfaringar med ein litt redusert dose med Express. I attlegg utan kløver har vi andre alternative middel, og kombinasjonar av middel, mot frøugras. Også her er Express eit sentralt middel. Det er og råd å blande Express, Gratil og MCPA. Ver varsam, unngå overdosering!
Flere fagartikler
Val av såfrø til eng og beite
Vestlandet er ein mangfaldig landsdel der topografi og klima skapar ulike vekstforhold for grovfôrproduksjon. Val av sortar til eng og beite er viktig for produktiviteten til enga.
Vest
«Nye» artar og sortar av engvekstar
Strandsvingel har gitt høgare avling i andre engår enn timotei, engsvingel og bladfaks i 7 av 11 pågåande forsøksfelt. Arten er rekna som tørkesterk. I område med lang kald vinter er han forholdsvis svak.
Dekk og diesel - korleis køyre rett?
Landbruket har førebels som einaste næring frivilleg inngått avtale med regjeringa om kutt i utslepp av klimagassar, tilsvarande 5 millionar CO2-eq. Bruken av maskiner som forbrenn fossilt brennstoff er stor i landbruket, og maskinparken er dermed sentral i arbeidet for å nå kuttet i utslepp av klimagassar. Spørsmålet er då, korleis kan utvikling og bruken av landbruksmaskiner bidra her?
Vest