Myrstankelbein (Tipula paludosa) er rekna som eit skadedyr som har ein generasjon i året. Myrstankelbein trivst godt med kjølege somrar, milde vintrar og mykje nedbør (> 600 mm). Etter klekking i juli-august legg hoene opptil 400 egg i grasmark. Desse utviklar seg til larvar innan 14 dagar. Hoene døyr nokre få dagar etter egglegginga.

Larvane bevegar seg i tunnelar i øvre jordlag og lever i stor grad på planterøter. Størst skade oppstår i løpet av våren det neste året (mai- juni), før larvane forpuppar seg i slutten av juni.
Angrepet viser seg ofte som glisen eng med graslause flekkar. Ein kan lett mistenkje at dei kvite flekkane er overvintringsskadar.

Livssyklus myrstankelbein
Livssyklus av myrstankelbein: Hoene legg egg i juli- august som utviklar seg til larvar. Larvane lever i jorda og gneg over rothalsen på plantene. (Kjelde: MSG.de/Bettina Schenk)

Bekjemping

Det er veldig vanskeleg å bekjempe myrstankelbein med kjemiske, mekaniske og biologiske tiltak. I dei fleste tilfelle vil det løne seg å ta ein tidleg førsteslått. Etterpå kan ein vurdere tiltaka på skadde areal (fullt gjenlegg/isåing). Larvane er aktive fram til slutten av juni, og det er tryggast å vente til dei har forpuppa seg før ein sår i enga. Dersom ein ikkje har tid til å vente og vil fornye enga så fort som mogeleg, kan jordarbeiding med djup pløying før harving, såing og tromling, gå bra. Vi rår likevel ifrå isåing i mai sidan, larvane kan angripe dei nye frøspirane!

Myrstankelbein larve
Larvane er lette å finne: Fjern det daude graset og grav litt i øvre jordlag. Larvane blir ca. 3-4 cm lange og er gråbrune. Ein larve per neve jord tyder på eit kraftig angrep.
Myrstankelbein skade
Skade av myrstankelbein i eng: Larvane har ete opp rothalsane på graset.