Gjødslingsplanen og bruken av denne
Viktigare enn nokon gong!
Som kjent er gjødselprisane heilt ute av kontroll. I denne situasjonen er det endå viktigare enn før å kunne bruke rett type gjødsel i rett mengde i høve til ønskt avlingsnivå, fôrbehov og fôrkvalitet. Ein gjødslingsplan kan lagast forholdsvis enkelt med lite differensiert gjødsling frå skifte til skifte, men vi kan også tilby meir nøyaktig plan dersom vi kjenner godt til enga og forholda på den einskilde gard. Som medlem kan du be om gjødslingsråd på gjødslingstidspunktet, om du skulle ønskje det!
Gjødslingsplanlegging er framleis ein viktig berebjelke i arbeidet NLR utfører for medlemane. Prinsippet rundt planlegginga er det same i dag som i tidlegare tider; fordele husdyrgjødsla og supplere med optimal type og mengde med mineralgjødsel. Du som bonde har i dag tilgang på mange digitale hjelpemiddel som kan brukast til gjødslingsplanlegging. Ingen av desse kan erstatte erfaring og fagleg skjønn. Difor blir den dyktige rådgjevaren din aldri overflødig!
Gjødslingsstyrke og gjødseltypar har ofte vore tema i forsøk i NLR (tidlegare forsøksringane). Den tydlege overgangen frå Fullgjødsel til OPTI-NS kom bl.a. på bakgrunn av samanlikning av desse typane gjødsel i forsøk. I Sogn og Fjordane hadde vi slike forsøk i seks år, på tre ulike stader. Vi fann aldri avlings- eller kvalitetsskilnader mellom Fullgjødsel 25-2-6 og OPTI-NS på kaliumrik jord. Utbreidd bruk av OPTI-NS har redusert fosforbruken mykje på Vestlandet, noko som må reknast som positivt både miljømessig og økonomisk.
Rett tidspunkt for gjødsling
Tidleg ut med husdyrgjødsla!
Frå våren av er temperatur ein avgrensande faktor. Låg jordtemperatur fører til lite frigjering av næring frå jorda. Dermed er det viktig at du som bonde tilfører næring til grasplantane tidleg nok. Det vil i praksis seie at du må prøve å få ut husdyrgjødsla så snart det er vekst i graset og jorda er køyrbar. Dersom du er ute FØR dette, kan husdyrgjødsla hamne i næraste bekk og næringsstoffa kjem på avvegar. Er du for sein, taper du vekstdøgn og dermed avling. Nitrogenet i husdyrgjødsla er tyngre tilgjengeleg for plantane enn nitrogen i mineralgjødsel, og treng dermed ei viss tid for å verke fullt ut. Dette er endå ein grunn for å vere tidleg ute med husdyrgjødsel. Bruk av bladgras (raigras) krev at du kjem deg tidleg ut med husdyrgjødsla for å unngå å få gjødsel på det rasktveksande graset.
Dersom du av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å køyre ut husdyrgjødsel tidleg nok, er det tilrådeleg å køyre ut t.d. halvparten av mineralgjødsla FØR du køyrer husdyrgjødsel. På den måten får grasplanten næring tidleg, og den kan i større grad utnytte vårlyset til vekst. Landsomfattande forsøk har vist opp mot 7 % avlingsauke med dette tiltaket åleine. Det kan i somme høve vere aktuelt å køyre ut all mineralgjødsla før husdyrgjødsla, men då er det verre å justere mineralgjødselmengda etter vertilhøva som blei i samband med husdyrgjødslinga.
Mineralgjødsla
Det er heller ikkje noko poeng i å vente lenge med mineralgjødsel utover våren. Som rådgjevarar ser vi stadig at bønder er seint ute, og at det kan gå berre tre veker mellom gjødsling og slått. I alle tilfelle bør det gå minimum fire veker mellom utkøyring av mineralgjødsel til hausting. Dermed bør utkøyringa i mange tilfelle skje i april, spesielt i område der raigras og andre tidlege bladgras er mykje brukt.
Også etter slått er det ein fordel å tilføre næring så fort som mogleg. Dersom det tek tid å få ut husdyrgjødsel etter slått, kan det vere lurt å køyre ut mineralgjødsel først og husdyrgjødsel etterpå. Mange har i det siste investert i GPS-utstyr, så det er snart ingen grunn til å vente til det er råd å sjå traktorspora i gjenveksten.
Husdyrgjødsel – vassinnblanding og spreiemetode
Vêret, vassinnblanding og spreiemetode er dei viktigaste faktorane som påverkar utnyttinga av husdyrgjødsla. Dersom du til dømes går frå bladspreiing til stripespreiing av husdyrgjødsla, reknar vi 20-25 % auka nitrogeneffekt. Det tilsvarar rundt 1 kg av gjødseltypen 27-0-0 pr. tonn utkøyrd husdyrgjødsel. Meireffekten av stripespreiingsutstyr er sjølvsagt avhengig av vêrtilhøva.
I tillegg kan du tilsetje vatn. Ulempa med å tilsetje vatn er at du må køyre ut fleire tonn. Fordelen er betre verknad. Ved bruk av slangeutstyr rett frå kjellar betyr auka mengde lite, sidan utkøyringskapasiteten er svært stor. Ved å blande inn 50 m3 vatn for kvar 100 m3 husdyrgjødsel kan du tilføre 27 % meir nitrogen frå husdyrgjødsla som du ikkje treng tilføre via mineralgjødsel. Er du usikker på kva som er tørrstoffinnhaldet i husdyrgjødsla di, kan NLR hjelpe deg med å måle dette.
Differensier gjødslinga mellom skifte!
Ikkje alle skifte har like stort avlingspotensiale. Gammal eng (eldre enn fem år) har ofte innslag av lite produktive grasartar, og vil ikkje gje særleg meiravling på dei siste tildelte kiloa med mineralgjødsel. På den andre sida har 1. års og 2. års eng eit enormt avlingspotensiale. Derfor kan du med fordel redusere gjødslinga på gammal eng med ca. 15 % og oppjustere tilsvarande på ny eng. Sjølv om du ikkje har konkrete avlingsregistreringar, har du som oftast ei magekjensle på kva eng som gir god og dårleg avling. Ta gjerne med desse betraktningane når du får laga gjødslingsplanen med rådgjevaren din.
Still inn gjødselspreiaren!
Innstilling av gjødselspreiaren er ikkje komplisert, det er som regel gjort på under 10 minutt. Køyremønsteret er sjølvsagt også viktig. Poenget med korrekt innstilling av gjødselspreiaren er ikkje berre å få tildelt rett mengde gjødsel på kvart skifte, men at kvar kvadratmeter på skiftet har fått tildelt like mykje gjødsel. For å unngå overlapp er GPS/sporfølgingsutstyr ei rimeleg investering (ca. 20 000 kr). I tillegg er det mogleg å få hjelpemiddel som gir variabel tildeling av gjødsel på skiftet, alt etter kvar det er mest og minst behov. Innstilling av gjødselspreiar, igangkøyring av sporfølgar/GPS og variabel tildeling av gjødsel, er det sjølvsagt mogleg å få hjelp til av NLR.
Attlegg treng ikkje gje redusert avling!
Vi ser at det er mykje gammal eng rundt om. Denne vert ofte gjødsla etter norm med eit ønskje om å ta ut store avlingar. Med mykje kveke, tunrapp og anna ugras, er dette ikkje mogleg. Mange kvir seg på å ha attlegg, då dei har «bruk for fôret». Likevel ser vi ofte at eit godt attlegg kan gje meir avling enn ei gammal eng. I tillegg er normgjødslinga for eit attlegg langt lågare enn til ei eng. Spesielt vil enga året etter gje mykje større avling enn om den gamle enga framleis låg der. Dersom du har kapasitet, så er fornying av eng ein måte å spare mineralgjødsel på, men sjølvsagt påfører du deg arbeid og kostnader med sjølve fornyingsarbeidet.
Dessverre slit vi med hjorteproblem mange stader, noko som kan vere fortvilande ved etablering av attlegg.