Aktuelle frøblandingar

For areal der det er aktuelt med frø av eittårige vekstar, er Pionerblanding eit alternativ. Den inneheld toårig raigras, blodkløver, honningurt og lodnevikke og må følgjast opp året etter med ny såing.

Til mange areal vil det gjerne vera mest aktuelt med frø av fleirårige vekstar. Det er lite frø av norsk blomsterengfrø. Turfline er ei dansk fleirårig blanding for blomstereng med innslag av eittårige artar. Andre fleirårige alternativ er å blande raud- og kvitkløver med enten Spire Natur eller Norgesfôr sin Torvtak/Natur.

Raudkløver, kvitkløver og andre fleirårige blomeartar etablerer i hovudsak bladrosettar i såingsåret, og det blir blomstring først andre året. Dersom frø av fleirårige vekstar blir blanda med litt frø av eittårige artar som til dømes blodkløver, honningurt og vikker, vil arealet blomstre også i såingsåret.

Klover 2 Foto Annlaug Fludal
Beite med godt utval av viltveksande kløver og andre erteblomster. Foto: Annlaug Fludal

Frøblandingar

Det er mange eksempel på frø som kan eigna seg som viktige sonar for pollinerande insekt. FKRA har til dømes:

Varierande etablering

Etter såing av pollinatorvennlege frøblandingar i kommunane Klepp og Time i vår, såg det ut som at vegskråningar og tilkøyrde massar var for skrinne til å få god etablering av dansk blomstereng, pionerblanding og blanding av kløver og raudsvingel. Kanskje var jorda for daud, eller kanskje ville frøblanding av blomstereng hatt større sjanse for etablering sidan dei ofte trivest på tørr, mager og sandhaldig jord. Slike frøblandingar er det vanskeleg å få fatt i frø av. Desse artane er onkurransesvake for ugras.

På markdag om vekstar for pollinerande insekt (Klepp 27. august), såg vi god etablering i ei kantsone med næringsrik jord som vart sådd i vår med dansk frøblanding av blomstereng og raud- og kvitkløver. Eit anna godt etablert areal var eit nyleg rydda plantefelt. Arealet her var ugrasfritt og vart sådd med dansk frøblanding i vår.

Blomstereng av dansk fro Foto Ane Harestad
Fargerikt: Svært god etablering av dansk frøblanding sådd i vår på eit nyleg rydda plantefelt med lite ugras. Foto: Ane Harestad

Andre tiltak for å ta vare på pollinerande insekt

Gammalt daudt treverk gir buplass for mange artar villbier. Det gjeld også vegkantar og skjæringar i varme hellingar. Gjengroing med kratt og ugras gir færre gode buplassar. Vegkantar, restområde og areal i kantar med stein som det er vanskeleg å ta inn i ei tradisjonell jordbruksdrift bør ein ta vare på, utvikla og utvida. Selje, vier, pil og andre salixartar blomstrar svært tidleg, og kantplanting med desse har også god effekt.

RMP

Rogaland er eit av fylka som har gitt tilskot gjennom RMP til skjøtsel av soner som er viktige for ville pollinatorartar.