Feltet vart etablert hjå NIBIO Særheim 04.06.2018 på oppdrag frå Felleskjøpet Rogaland Agder med frømengde tilsvarande 4 kg/daa og gjødsla med mineralgjødsel etter norm. Det er tre gjentak og 11 grasartar / sortar. I 2021 vart feltet slått 04.06., 12.07. og 02.09.
Resultat
Avlinga er målt i kg tørrstoff per daa. Det er ikkje teke kvalitetsanalysar av avlinga.
Tabell 1. Avlingsmengde, gjennomsnitt kg TS/daa for dei ulike sortane.
Sort |
1.slått |
2.slått |
3.slått |
Sum 2021 |
Sum 3 år |
Barolex (Strandsvingel) |
513 |
395 |
361 |
1269 |
3810 |
Figgjo (fleirårig raigras, tetraploid) |
635 |
293 |
233 |
1162 |
3817 |
Calibra (fleirårig raigras, tetraploid) |
657 |
318 |
212 |
1187 |
3814 |
Abosan 1 (fleirårig raigras, diploid) |
611 |
408 |
313 |
1332 |
3852 |
Ovambo 1 (fleirårig raigras, tetraploid) |
518 |
389 |
261 |
1168 |
3803 |
Diagram (Raisvingel) |
495 |
358 |
345 |
1199 |
3674 |
Hipast (Raisvingel) |
473 |
369 |
353 |
1195 |
4040 |
Thegn (fleirårig raigras, tetraploid, sein) |
550 |
404 |
235 |
1190 |
3968 |
Garbor (fl.årig raigras, tetraploid, vintersterk) |
552 |
363 |
223 |
1138 |
3854 |
Bovini (fleirårig raigras, diploid) |
501 |
410 |
275 |
1186 |
3832 |
Melforce (fl.årig raigras, tetrapl.,middels tidlig) |
538 |
350 |
246 |
1134 |
3716 |
Diskusjon
2021 var 3. engår, og feltet byrja å favorisere sorter som viser varighet. Sorten Abosan 1 gav best avling dette året. Denne sorten har gitt stabil avling i alle tre engår (figur 1). Det vil seie at den gir ein del dårlegare avling enn gjennomsnittet i 1. engår, men gav best avling i 3. engår. Dette gjeld til ein viss grad også raisvingelsorten Diagram.
Samla over tre år er det svært jamn avling mellom alle sortane som er med i forsøksfeltet. Men raisvingelorten Hipast har gitt best avling over tre år. Dette er på grunn av svært god avling i 1. engår uten at den har tapt seg like mykje som dei øvrige sortane i engår 2 og 3. Strandsvingelsorten Barolex viser også god holdbarhet i dette forsøksfeltet.
Raigrassortane Figgjo (norsk sort) og Calibra (dansk sort) har lenge vore hovudsortar i ulike frøblandingar. Desse sortane plasserte seg i toppsjiktet i 2019 (1. engår), men i 2021 er dette sorter som gir midt på treet avling. Dette har samanheng med at desse rutene fekk eit betydeleg større innslag av ugras i 2021 enn dei øvrige sortane. Dette gjaldt alle tre gjentaka.
Dei vanlegaste sortane av fleirårig raigras til slått er av tetraploid type. Desse har generelt ein kraftigare og meir opprett vekst enn diploide sortar. Men diploide sortar dannar ei tettare grasmatte og er derfor interessante å ha med i blandingar. Diploide sortar er òg betre eigna til beiting. Likevel har den diploide sorten Abosan gitt høgast avling i 2020. Òg sorten Bovine har gitt god avling, og er fullt på høgde med dei tetraploide sortane.