Målet med forsøka er å undersøke om våtsåing med eitt- og toårig raigras første våren, og deretter eittårig raigras neste vår, kan opne opp grasdekket nok til at våtsåing med timotei og kløver tredje våren blir vellukka. Det skal også prøvast ut harv påmontert såutstyret.
Dronebilete av felta brukast for å teste algoritmar, som med tida kan gå inn i eit dataverktøy for bonden for vurdering av fornyingsbehov for enga.
Denne sesongen var den andre av tre for forsøksfelta som ligg fast hjå Arnstein Njærheim, Nærbø, Asle Dagsland, Skjold og Lars Johan Flatebø, Etne. Behandlingane var dei same som året før, men såfrøet var i år reint eittårig raigras:
- Kontroll (gjødsling utan frø)
- Våtsåing med frø
- Våtsåing med horv og frø
Tabell 1: Avlingsresultat i dei tre felta i prosjektet for sesongen 2021, oppgjeve i kg TS/daa.
Det var ikkje signifikant skilnad på totalavling mellom behandlingar på nokon felt denne sesongen.
Går ein meir grundig til verks og ser på kvar slått, ser me at det er ein tendens til at behandlinga det er brukt såharv på har lågare avling i førsteslått og høgare i tredjeslått. Felta i Etne og på Nærbø har ein signifikant samspelseffekt mellom behandling og slått.
Forsøket held fram i 2022.
Forsøka er gjennomførte i samarbeid med Agromiljø AS, Agrosense AS, Felleskjøpet Rogaland Agder og NIBIO Særheim, og er del av det treårige prosjektet «Klimasmart og kostnadseffektiv fornying av eng». Statistisk analyse av avlingsresultat er utført av NIBIO. NLR Rogaland er prosjekteigar og samarbeider med dei ovanfornemnde om prosjektet. Det blir støtta av det nasjonale klima- og miljøprogrammet.