I kjølvatnet av «Grovfôrøkonomi TELEBU» der grovfôrkostander hjå bønder i Buskerud og Telemark vart registrert, vart det og reist spørsmål: Er det samanheng mellom låg grovfôrpris og lågt klimagassutslepp? Og kva faktorar påverkar klimagassutsleppet mest i grovfôrproduksjonen?

I prosjektet «Grovfôrøkonomi TELEBU» vart det berekna kg CO2 utslepp frå Nitrogen i gjødsla og CO2 utslepp frå dieselforbruket i grovfôrproduksjon. I praksis betyr det at lite traktortimar/FEm og effektiv gjødselutnytting vil vere viktige faktorar for låge CO2 utslepp.

Lågt dieselforbruk får du ved å forbruke lite traktortimar pr FEm. For å greie det er høgt avlingsnivå, korte køyreavstandar, rasjonell arrondering, effektive jorder, veltilpassa maskinpark og mykje fôr i kvar rundball viktige bidrag for å redusere dieselforbruket.

Lågt forbruk av Nitrogen i høve til avling krev god gjødselutnytting. Det å hauste store avlingar med «lite» gjødsel er gunstig. For å greie det treng du å vere ein god agronom og gjere gode agronomiske tiltak. Lågt gjødselforbruk betyr ikkje det same som å gjødsle lite! Lågt gjødselforbruk betyr balansert gjødsling der du får attende ei stor avling pr kg gjødsel du tilfører. Kalking, drenering, tjukk og tett eng, lite køyreskader, ugraskontroll og lite jordpakking er grunnleggande faktorar som må vere på plass for å oppnå dette.

Talgrunnlaget i undersøkinga vart delt i tre. Beste, midtre og dårlegaste tredel basert på totalt kg CO2 pr FEm. Av talgrunnlaget ser me at å optimere bruk av innsatsfaktorar(gjødsel og diesel) gjev lågare grovfôrpris og lågare CO2 utslepp.

Køyreavstand

Beste tredjedelen brukar traktoren halvparten så mykje som middelklassen Den beste tredjedelen har om lag 3,1 km køyring til alle skifta sine. Dei køyrer om lag 0,5 km kortare enn middelklassen, og 2,8 km kortare enn dei dårlegaste i klassen. Køyreavstand til jorda verkar direkte inn på timeforbruket med å dyrke og hauste arealet. Spesielt arbeidsoperasjonar med heimkøyring av fôr og utkøyring av møk så vil avstand til skifta bety mykje. På lange avstandar vil det også vere viktigare med tørt grovfôr. Husdyrgjødsla bør også vere tørrare om den må transporterast langt. Tørrare gjødsel inneheld meir næringstoff og reduserer mengda møk, slik at antal lass som må transporterast, vert redusert. Det reduserer klimagassutsleppa.

Samlerive 2024

Drivstofføkonomisk køyring

Beste gruppa er flinke til å køyre maskiner. Dei nyttar ein køyrestil som forbrukar mindre diesel pr time enn dei dårlegaste. Eksempel på tiltak som reduserer drivstoff forbruket kan vere god tilpassing av storleik på maskiner og at desse står i stil til traktorstorleik. Val av turtal slik at traktormotoren jobbar effektivt, til dømes ved å bruke PTO 540E på traktoren der det er mogeleg. Rett lufttrykk i dekka gjer at traktoren ruller lett og får god trekkraft både på jordet og langs vegen. Jamn køyring med rasjonell gearutveksling for å unngå maks turtal sparer også diesel. Planlegg køyringa slik at ein reduserer behovet for start og stopp. Alt dette er eksempel på klimavenlege tiltak som i sum gjev utslag i klimagassutsleppa.

Avlingsutslag

I «Grovfôrøkonomi TELEBU» ligg beste gruppa med lågare avling per dekar enn reisten. Ut frå talgrunnlaget kan det sjå ut som det er klimavenleg å ikkje ta ut store avlingar. Me trur likevel dette vil vere ein feil konklusjon. Me trur årsaken til utslaget er at mange av desse gardsbruka er små produksjonar med «nok» arealet «rundt fjøset» som ikkje treng alt arealet sitt. Dei har svært sjeldan fornying av enga og korte køyreavstandar. Det fører til lite traktortimar og lite nitrogengjødsling totalt. Om dei ein dag må «ut på bygda» for å skaffe fôr, så vil det vere meir klimavennleg å gjødsle meir og auke avlinga «rundt fjøset» i staden for å «reise langt» for å skaffe nok fôr. Før ein kan konkludere med om det er klimavenleg å ha låg avling må me sjå kor mykje mjølk og kjøt som skal produserast på garden i høve til gjødsel og dieselforbruk. Det har me ikkje grunnlag for i denne undersøkinga.

Grasavling 2024

Kjenneteikn på lågt klimagassutslepp

Dette kjenneteiknar dei med lågt klimagass utslepp

  • Kortare køyreavstandar (53%)
  • Færre traktortimar/daa (58%) og pr FEm
  • Fleire FEm/ rundball (116%)
  • Låge gjødselkostander pr Fem (73%)
Beregninger klimautslipp 2024
Figur 1: Tabellen syner nøkkeltala i snitt for beste, midtre, og dårlegaste tredjedel for klimagassutslepp i prosjektet "Grovfôr TELEBU". Median kolonna syner medianbruket for dei ulike føresetnadane. Det ligg 29 gardsbruk bak tabellen.

Artikkelen er publisert med grunnlag i Prosjektet «Økonomisk og klimavennleg grovfôrproduksjon» finansiert av bla Buskerud Fylkeskommune.