Fagbladet Norsk landbruk har oppslag på si nettside at Urea Gjenbruk kjem for sal i Nord-Norge også. Urea er rimeleg gjødsel, men det er viktig å handtere den rett og unngå nitrogentap.
Vi kontakta Hogstein Agro som er leverandør av Urea Gjenbruk og vi kontakta også rådgjevar Olav Martin Synnes i NLR Vest. Synnes har arbeidd med Urea Gjenbruk i feltforsøk og presenterte materialet på den nasjonale kursuka for Norsk landbruksrådgiving i november 2022. For medlemmer i NLR er det fagartikkel her på NLR Vest SA sine nettsider: «Urea Gjenbruk» frå fiskeoljeindustrien som gjødsel i eng? Forsøket er også omtala i artiklar i Norsk landbruk. Desse er tilgjengelege for abonnentar av bladet: Graset gror med nitrogen frå urea og Gode avlingar på forsøksfeltet.
Feltforsøk
Olav Martin Synnes uttaler følgjande: NLR Vest har hatt feltforsøk i tre år med Urea Gjenbruk frå EPAX Ålesund. Om restproduktet frå Nord-Norge har same innhald, så kan det ha god verknad som nitrogengjødsel, også når det blir spreidd på overflata av eng. Føresetnader er: Urea er fritt for svovel (S). Når anna svovelhaldig mineralgjødsel blir bytt ut og erstatta av Urea Gjenbruk, må ein tilføre tilstrekkeleg med S i andre gjødselslag. For mange må det også tilførast litt ekstra kalium (K). I tillegg er urea "flyktig". I kontakt med jordoverflata vil bakteriar starte nedbryting av urea til ammoniakk (NH3). Noko nitrogen kan såleis gå tapt til luft. Denne prosessen kan motverkast ved å tilsette ureasehemmar, Agrotain, 1 kg per tonn urea.
Tapsrisiko
Synnes forklarer vidare: Ein frårår langtidslagring av urea i blautgjødsla. Sikrast er det å blande urea og ureasehemmar i blautgjødsla få dagar før spreiing. God innblanding og jamn spreiing er også viktig for god utnytting av Urea Gjenbruk. Det er fint om restprodukt frå fiskeoljeindustrien kan nyttast lokalt, i staden for lang transport til åkrane i Sverige og ved Oslofjorden.
Pris
Noverande pris på Urea Gjenbruk er kr 15 per kg nitrogen (N), medrekna ureasehemmar. Pris på OPTI NS27 (4S) er no kr 35 per kg N. Sjølv om det kjem nok kostnader til ekstra S, og kanskje litt K, så kan det likevel vere noko å spare ved rett bruk av Urea G. Urea G som har vore med i forsøka er eit tørt pulver, med 70% Urea, 20 % fiskeoljar pluss litt alkoholar med meir. Innhaldet av N er nær 31%.
Olav Martin Synnes viser vidare til Odd Christian Stenerud, Høgstein Agro. Vi kjenner i skrivande stund ikkje til pris per kg vare og per kg nitrogen levert i Nord-Norge, men vi vil følge opp saken.