I vårt medlemsblad nr 1/2021 presenterte vi resultat frå feltforsøk med strandsvingel (Engsvingel ut – strandsvingel inn i frøblandingene?). Den foreløpige konklusjonen var i korte trekk følgande:

  • Strandsvingel har i feltforsøk i Trøndelag så vel som elles i landet etter to og tre engår gitt vel så store og til dels større avlingar enn både engsvingel og timotei, både med to og tre slåttar.
  • Arten har særleg rask/stor gjenvekstevne og viser stor konkurransekraft og kan fortrenge timotei når artane blir sådd i blanding.
  • Det er lite som tyder på at innblanding av strandsvingel påverker den analyserte fôrkvaliteten samanlikna med timotei/ensvingel-dominert eng i nemnande grad, verken i to- eller treslåttsystem.
  • Indikasjonar på at sortsforskjellane i strandsvingel eller større enn artsforskjellane

Etter det siste året i feltserien (sesongen 2021) ser det ut til at denne konklusjonen står ved lag.


Sortsforskjellar

Sortane som var med i feltserien i Trøndelag var Kora og Swaj. I Rogaland var også Barolex med. Andre strandsvingelsortar som inngår i norske frøblandingar eller som er å få kjøpt i reinbestand er Barelite, Bardoux, Prosteva, Karolina og Tower. Alle desse er s.k. mjukblada sortar og likner på Swaj og Barolex, men det kan skilje litt på kor tidlege dei er.

Raisvingeltypane Hykor og Fojtan blir ofte nemnt under strandsvingel i frøkatalogane. Dei er krysningar mellom italiensk raigras og strandsvingel. Både Hykor og Fojtan er stivare og meir grovblada og går raskare ned i kvalitet enn strandsvingelsortane som er nemnt over. Dersom ein er ute etter eit yterikt, varig gras med mykje fiber, er truleg Kora det rette valet. Vil ein derimot ha kvalitet minst på høgde med timotei og engsvingel, kan dei mest mjukblada sortane (Swaj, Barolex, Karolina og Tower) være eit betre val. I forsøk i Rogland har Barolex gitt 90-107% avling samanlikna med fleirårig raigras (Figgjo, Calibra).

.

Tabell 1. Sortar av strandsvingel som inngår i norske frøblandingar eller som kan kjøpast som reinfrø.

Sort

Opprinnelsesland

Eigenskapar

Kora

Sveits

Yterik, litt grov og breiblada, sort.

Kvalitet tilsynelatande om lag som for timotei,

evt litt lågare, avhengig av slåttetidspunkt

Swaj

Sverige

Yterik, konkurransesterk, mjukblada sort.

Tilsynelatande litt høgare kvalitet med

mindre fiber enn Kora.

Barolex, Bardoux, Barelite

Nederland

Mjukblada, likner mykje på Swaj.

Kan være litt forskjell mellom sortane

i tidlegheit.

Prosteva

Tsjekkia

Ny mjukblada sort.

.


Frøblandingar

Felleskjøpet har ei frøblanding med strandsvingel på sitt sortement i år (Spire Surfôr Fiber), medan Strand Unikorn/Norgesfôr har tre (Blanding nr 22, 24 og 27). I tillegg marknadsfører også Gjølstad Gard frøblanding med strandsvingel (NutriFibre).

Både Felleskjøpet og Gjølstad Gård sine blandingar har over 70% strandsvingel og tilrådd såmengd er 5-6 kg/daa. Begrunninga for at ein tilrår høg såpass høg såmengd er at strandsvingelen er sein til å etablere seg. Ved å auke såmengda av ei frøblanding vil det blir fleire frø av dei andre artane i blandinga som spirer og sørger for godt plantedekke i starten. Strandsvingelen ventast å bli dominerande etter kvart. Prismessig vil blandingane med høgt innhald av strandsvingel gir høgare såfrøkostnader enn blandingar med moderat innslag av strandsvingel. I feltserien vi har referert til vart det sådd 25% strandsvingel og 75% timotei (eller engsvingel) og på dei fleste felta var strandsvingelen dominerande etter tre år. I Finland der dei har meir erfaring med strandsvingel enn vi har, vil ein helst ikkje ha meir enn 15-25% strandsvingel i blandingar som elles i utgangspunktet liknar mykje på våre timotei/engsvingel/raudkløver-blandingar, evt med innslag av 10% fleirårig raigras. Å kjøpe reinfrø av strandsvingel og sjølv blande i 20-40 % strandsvingel i den frøblandinga ein elles bruker, kan derfor være eit aktuelt alternativ.

Både Felleskjøpet og Gjølstad Gard marknadsfører sine strandsvingelblandingar som fiberrike blandingar som skal bidra til redusert passasjehastigheit gjennom vomma hos kyr som treng meir struktur. Ein må da være klar over at samanlikningsgrunnlaget er tre-fire – ja kanskje til og med fem-slåttsystem i fleirårig raigras. Er samanlikninga derimot eit to eller tre-slåttsystem i timoteidominert eng, vil ikkje strandsvingelblandingane bidra til meir fiber eller struktur, kanskje heller snarare tvert om dømt ut frå fôranalysane i norske forsøk.

.

Vår anbefaling

Det er særleg på areal der ein har erfart at timoteien er lite varig og/eller på areal der ein ønskjer hyppig slått/beiting at strandsvingelen kan ha noko for seg. For mange i Trøndelag trur vi at blandingar med moderat innslag av strandsvingel er mest aktuelle. Ta «reklamen» om at strandsvingel vil bidra med ekstra fiber med ei stor klype salt, spesielt når timotei-dominert eng er alternativet. Still også følgande spørsmål:

Er det skort på fiber i garden sine fôrressurar, eller trykker skoen i motsett ende av skalaen?

NB. Forfattaren tar atterhald om at ho kan ha oversett sortar eller blandingar som er tilgjengelege.

Strandsvingelfelt
Strandsvingel er treig i etableringsfasen, men har lynrask gjenvekst. Her samanlikna med timotei og bladfaks ca ei veke etter slått. FOTO: Astrid Johansen