Det andre slaget i kampen mot sporane handlar om å hindre at dei blir med grasmassen inn i rundballane/surfôret. Dersom fôret er lite til middels fortørka, og pH senkinga i grasmassen går sakte, vil sporane kunne vakne til liv og starte formeiring når det har blitt anaerobe forhold i foret. Når forholda blir ugunstige for smørsyrebakteriane i fôret (t.d. ved lav pH eller at det kjem oksygen), vil bakteriane gå over i sporestadiet. Sporane blir med i fôret inn på forbrettet, og bak til spenane gjennom fôrrestar bak i båsen, eller i gjødsla.
Aktuelle tiltak
- Unngå å stubbe for lavt- ei stubbehøgd på omkring 8 cm er bra
- Unngå at spreierive, samlerive og pickup rotar jord inn i grasmassen
Tredje slaget i kampen handlar om å sørge for mest mogeleg ugunstige forhold for smørsyrebakteriane i fôrmassen etter hausting.
Fortørking opp mot 35% Ts samt å bruke ensileringsmiddel som gjev raskast mogeleg pH senking i foret må til.
Aktuelle tiltak
- Slått under forhold, og med utstyr, som gjev god fortørking (det er ikkje alltid like lett på Nordvestlandet)
- Bruk ensileringsmiddel med rask pH-senkande effekt. Bruk nok ensileringsmiddel.
Lukke til!