Det er ikkje riva som gir sporar i mjølka, men feil innstilt rive. Er gjødselspreiaren skeiv, blir gjødselfordelinga feil. For høg eller for låg stubbing påverkar både gjenvekst og fôrkvalitet. Stubbar du på 10 cm i staden for 3 cm, vil du ha vesentleg mykje raskare gjenvekst på den høgt stubba enga enn på den lågt stubba. Fleire av dei mest vanlege grasartane vil også kunne stå ein eller fleire sesongar lengre utan å gå ut. Det tek mykje lengre tid før det er god vekst i planten om stengelen og blada er knuste i toppen, enn om dei er avklipt med kvass kniv.

Sjekk innstillinga

Ta deg alltid tid til innstilling når du koplar på reiskapen, og noter gjerne di eiga “instruksjonsbok” så du hugsar viktige innstillingar frå år til år. Ta med metermål og evt. andre hjelpemiddel, så du kan finjustere undervegs. Hugs at reiskapen kan kome ut av posisjon under arbeid, så lag deg rutinar for å sjekke at alt er rett også mens du held på. Spør leverandøren eller NLR-rådgivaren din om du treng hjelp!

NLR Grasvettreglene

NLRs grasvettregler gir deg råd og tips for bedre grovfôrproduksjon
NLR Grasvettreglene

Sammen finner vi gode løsninger for ditt bruk

Krevende tider krever god kunnskap. Med høye priser på gjødsel, maskiner, diesel, plast og mye annet må alt gjøres litt mer rett.

  • Justering av gjødslingsplan
  • Innstilling og bruk av sentrifugalspreder
  • Teig til teig-vurdering
  • Innstilling og bruk av slåmaskin, rive og annen redskap
  • Oppstartråd presisjonslandbruk

Vi er her for deg. Vi har kunnskapen og verktøykassa, og er alltid i nærheten.

JA, JEG VIL VITE MER OM TJENESTER INNEN GROVFÔR OG PRESISJONSLANDBRUK