I år er det stor variasjon i slåttetidspunkt. Enkelte er for lengst ferdige med tredjeslåtten og ventar på ein fjerdeslått i starten av september. Andre er så vidt ferdig med andreslåtten. Der det blir teke tredjeslått i desse dagar vil gjenveksten truleg bli bra nok for god kveke-effekt.

På areal der det er planlagt tredjeslått i månadsskiftet august/september er kveka truleg på eit ideelt stadium no. Husk at kveka må passere 4-bladstadiet for at ein skal ta knekken på rotsystemet. Da er spørsmålet om vi skal brakke no eller la oss freiste til å ta ein tredjeslått først? Som vanleg når det gjeld biologi finst det ikkje noko fasitsvar med to strekar under. Den generelle anbefalinga vår er å ofre tredjeslåtten. Da er ein sikker på å ha nok plantemasse til å få god effekt. Særleg viktig er gjenveksten der det er mykje kveke. Ofte ser vi at den som vil ha både i pose og sekk ikkje får topp effekt av brakkinga. Gult blir det nesten uansett, men kveke og anna rotugras kjem fort att om brakkinga blir gjort på for liten gjenvekst.

Kveke
Kveka må ha 4-5 blad for at transporten skal gå ned i rota.

Ulempa med å brakke så tidleg som no kan vere at tunrapp og vassarve begynner å spire utover hausten. For den som skal pløye har det lite å seie. Ved redusert jordarbeiding til våren kan ein risikere ei ny sprøyting.

Dosering: 300-400 ml/daa er nok der det kun er gras. Er det andre fleirårige rotugras som høymole, hundekjeks eller krypsoleie må ein doble mengda glyfosat eller blande inn andre middel, t.d. Tomahawk (lov ut august), Cleave/Starane XL eller Harmony 50 SX. Husk også å sjekke kva ugras eventuelle blandingspartnerar er gode eller dårlege mot. Om hausten treng ein 14 dagar frå brakking til jordarbeiding.

Fordelar med å brakke no

  • Optimal kvekebekjemping.
  • God vekst og god effekt av sprøytinga
  • Optimale arbeidsforhold no. Blir det like bra i september/oktober?
  • God tid til jordarbeiding for den som vil pløye i haust

Ulemper ved tidleg brakking

  • Taper tredjeslåtten
  • Fare for at det spirer ugras utover hausten