Fortørking av graset gjer at vi får fleire fôrenheter i kvar rundball, mindre volum å handtere og reduserte utgifter. Rask og effektiv fortørking fører også til mindre tap og nedbryting av næringsstoffene i graset, og det er lettare å oppnå god gjæringskvalitet i surfôret når plantene er forholdsvis turre og sukkerinnhaldet i graset er høgt.
Forsøk med stengelbehandling
Enkelte velger å gjennomføre fortørking av gras i urørte strenger av gras etter slått, men fleire har investert i breispreiingsutstyr som kan spreie graset ved slått eller etter slått for å få til raskare og jamnare fortørking. For å undersøke effekten av dette gjennomførte vi i Valdres i 2019 eit enkelt forsøk der vi samanlikna fortørking i urørt streng med breispreidd gras ved hjelp av spreierive. Graset var slått med slåmaskin med stengelbehandlingsutstyr, og det vart take ut prøver for å finne innhald av tørrstoff og kvalitet på graset. Det var gode tørkeforhold alle dagar frå slått til berging av graset.
Breispreiing ga raskast tørk
Prøvene viste at breispreing av graset gav den raskaste fortørkinga. Ved bruk av slåmaskin med stengelknekker og sprederive endra tørrstoffinnhaldet i graset seg frå 24,8 % til 41,7 % tørrstoff på ca. 5 timer under gode tørkeforhold. Har ein nødvendig kapasitet kan ein derfor oppnå effektiv fortørking av graset på ein dag ved å breispreie graset. Men det er viktig å passe på at ikkje graset får sterkare fortørking enn ønskeleg, og det er viktig å ha kontroll på tørrstoffprosenten når en skal velgje ensileringsmiddel (Jørgensen 2019).
Fortørking i urørt streng etter slåmaskin med stengelknekker endra tørrstoffinnhald i graset seg frå 24,8 % til 30,2 % på den same tida, og til 34,9 % på 16 timer under dei same forholda. Dette viser at fortørkinga går betydeleg seinare i ein urørt streng. Det kan likevel vera aktuelt ved to-trinnshausting av gras i silo, ved fare for nedbør og på kjøresvak jord med fare for innblanding av jord og sporar i graset.
Sukkertap under fortørking
Innhaldet av vassløyseleg karbohydrat i graset varierte frå 21,2 % til 17,1 %, og prøvene viser at det er ein nedgang frå slått til hausting på grunn av plantenes ånding. Nedgang i vassløyseleg karbohydrat fører også til nedgang i FEm per kg tørrstoff, og det blir mindre sukker i graset til gjæringsprosessen. Eit forskingsprosjekt gjennomført på 12 vestlandsbruk 2006-2010 viste at innhaldet av vassløyseleg karbohydrat endra seg frå 16,7 % i breispreidd gras mot 14,5 % etter fortørking av gras i smal streng (Synnes, Bakken og Johansen 2010).
Breispreiing av graset fører til raskare og ei meir effektiv fortørking av gras, og kan medverke til betre og billegare surfôr. Det er viktig med godt drenert og kjøresterk jord. Slett overflate av enga, høg stubbing og rett innstilling og bruk av river.