Meir om prosjektet og resultata frå grovfôr 2020 kan lesast her: Rett pris på rundballer gir mer avling | Fagforum Grovfór (nlr.no)

NLR region Innlandet har gjennomført 18 grovfôrøkonomigjennomgangar med bruk frå Lesja, Valdres, Gausdal og Fåberg. Prosjektet er støtta frå Statsforvaltaren i Innlandet, og det har i prosjektperioden vore gjennomført markvandringar, fagmøte og enkeltrådgjevingar.

Det er ganske stor skilnad på kr/FEm på dei ulike bruka. Dei fleste som var med laga rundball av alt fôret, men det var også nokre som la alt i silo, og som både rundballa og la silo. Det var ikkje så mange som hadde oversikt over kor mange FEm dei hadde i rundballane, men av dei som hadde berekna dette var snitten i overkant av 200 FEm/rundball. Når vi ser på dei 13 bruka som kun produserte rundballar, og reknar at alle hadde 200 FEm/ rundball vart snittprisen 637 kr per rundball. Altså 134 kroner dyrare enn snittprisen i Grovfôr 2020.

Skjermbilde 2024 09 05 115053

Moglege feilkjelder i utrekningane:

  • Leasingkostnader.
  • Vedlikehalds- og servicekostnader. Ein del hadde rekneskapstal, da blir det rett. Andre tok ut i frå skjønn, og desse kostnadane kan ha vorte litt låge hos enkelte
  • Vatningskostnad. Programmet er ikkje godt eigna for å få med vatningskostnder. Ein kan leggje det inn manuelet, men det er vanskelegare enn i dei andre operasjonane der ein får lagt inn kostnader på både maskiner/diesel og tid
  • Faktisk tidsbruk per operasjon. Det er få som veit kor lang tid dei brukar på å slå, hauste mm. Inntrykket mitt er at nokre har lagt inn mindre tid enn det dei truleg brukar
  • Pris på utstyr. Det er i alle utrekningane vorte brukt ei eigartid på 2 år på alle traktorar og maskiner, og ein renteprosent på 5 %.
  • Avlingsnivå. Dette er enklare å finne hos dei med rundball enn hos dei som har silo

Dei fleste som har vore med i prosjektet har tatt fôrprøver som vi har lagt inn i programmet og brukt. Det er derimot ikkje så mange som har god avlingsregistrering, men dei fleste som har rundball veit kor mange rundballar dei har laga på eitt år. Avlinga har derfor i stor grad vorte rekna ut, ut i frå fôrprøver, og kor mange rundballar som har vorte produsert.

Det vil nok alltid vera etterspurnaden etter fôr som er mest avgjerande for rundballprisen, og dessverre blir det solgt ein del fôr som er alt for dyrt i forhald til innhaldet. Det mest rettferdige både for seljar og kjøpar vil alltid vera å ta ut fôrprøver, samt å vega fôret. Da betaler kjøparen for kvaliteten ein får, og seljaren får betalt for å lage godt grovfôr.

Konklusjonar etter å no ha rekna på ein del grovfôrøkonomi er at det er lønsamt å presse tørt fôr og tette rundballar. Vil også påstå at det er dyrt å kjøpe/selja fôr det ikkje er tatt fôrprøver av, da det er umogleg å veta kva «som er inni». Ved å vega ein del rundballar, samt å ta fôrprøver, vil du få god oversikt over avlingsnivået, som vidare kan brukast i gjødslingsplanlegging. Det å gjødsle til rett avling er bra både for å optimere grovfôrproduksjonen, klimaet og lommeboka.

Skjermbilde 2024 09 05 115157
Diagrammet over viser kr/FEm på ein del av innsatsfaktorane i fôret.