For høgt lufttrykk i hjula gir unødig jordpakking, redusert avling og høgare dieselforbruk.
Bruk tabeller
Kan hende ser det fint ut på overflata, men køyringa kan vere uheldig likevel. Bruk dekktrykkstabellar og gå så lågt som mogeleg. På nokre dekk kan du gå ned til 0,5 bar, men dette må du sjekke for å unngå skade på dekket. Det er god butikk å ta seg tid til å sjekke lufta! Ofte er verste pakkinga frå reiskapshjula, eller frå traktoren som sankar rundballane.
Den første turen er verst
Jord utan pakkeskader har i forsøk vist seg å yte opp mot 30 til 40 prosent meir enn jord det er køyrd på. Det er første turen som er verst. Så viss mogeleg: Bruk oppatt same sporet, og unngå all unødig køyring. Målet må vere å køyre færrast mogeleg meter på teigen, så kort som mogeleg med tungt lass, og i færrast mogeleg nye spor. Altså størst mogeleg andel upakka jord. Ver bevisst på kor du køyrer inn og ut på teigen. Viss du kan køyre inn på eine enden, få fullt lass, og køyre ut på andre enden, er det gunstig. Viss pakkebordet på pressa har kapasitet til det, tek du med den pakka ballen til ein plass det er gir mindre køyring for sanketraktoren.
Jorda toler mest når den er tørr, og minst når den er våt. Plantane toler mest rett etter slått. Er jorda rå, vent med å køyre om det lar seg gjere. Det er stor siklnad på kva ulike jordtypar toler, men der finst inga jord som er usårbar. NLR har kunnskap både om dekktrykk og om faste køyrespor – og sjølvsagt kan vi ha markadagar og lære deg meir om jorda i ditt område. Spør oss viss du lurer på noko!
Hvordan skal du komme i gang med presisjonsjordbruk?
Nyttig lesestoff for deg
NLR Grasvettreglene
Sammen finner vi gode løsninger for ditt bruk
Krevende tider krever god kunnskap. Med høye priser på gjødsel, maskiner, diesel, plast og mye annet må alt gjøres litt mer rett.
- Justering av gjødslingsplan
- Innstilling og bruk av sentrifugalspreder
- Teig til teig-vurdering
- Innstilling og bruk av slåmaskin, rive og annen redskap
- Oppstartråd presisjonslandbruk
Vi er her for deg. Vi har kunnskapen og verktøykassa, og er alltid i nærheten.
Ja, jeg vil vite mer om tjenester innen grovfôr og presisjonslandbruk