Ei eng er ikkje berre ei eng. Når ein køyrer ut mineralgjødsel, bør ein ha ei formeining om kva avlingspotensialet er. Avlingspotensialet kan ein anslå basert på blant anna tidlegare erfaring, avlingsregistrering, artssamansetning, alder, jordart, jordforhold, pH og dekningsgrad.

Når ein har fastsett avlingspotensialet, kan ein tenkje på mengde gjødsel, og korleis ein skal sikre at rett mengd kjem på rett stad. Hjelpemiddel som kantspreiar, sporfølgjar og seksjonskontroll er gode verkty å ha. Om ein vil ta steget viare kan variabel tildeling vere aktuelt for å optimalisere gjødslinga innad på skiftet.

Føresetnader

Om ein vil gjødsle variabelt innad på skifte må ein ikkje berre ha ein måte å fastslå kva variasjon ein har, men og kvar denne variasjonen er. Det kan vere på grunn av forhold som jordsamansetning, dreneringsforhold, tørkesvakheit. Dette er faktorar som ofte er kjent og som det går ann å peke ut på eit kart

Andre faktorar kan vere litt vanskelegare å forutsjå som isbrann og oppblomstring av ugras. Sjølv om desse ofte oppstår på dei same plassane år etter år, kan omfanget variere ganske mykje. Det kan difor vere ein fordel å ha ein metode for å sjå på årets avlingspotensiale.

Eit eksempel

Ein har ein variasjon i jordart der gult er moldfattig sandjord og blått har eit betydeleg innslag silt (sjå bilete under). Den skarpe sandjorda er meir utsett for tørke og enga blir erfaringsvis noko tynnare der enn på siltjorda. På grunn av utvasking kan det likevel vere eit større nitrogenbehov på sandjorda enn på siltjorda. Til høgre er eit dronebilete som er teke eit par veker etter første overgjødsling og analysert med ein indeks. Der kan ein sjå at plantematerialet er omtrent like tett uavhengig av jordart. Det kan heller sjå ut som at variasjonen i plantedekke kjem frå dårleg overvintring i søkka på skiftet. Det ein ikkje får sett på dronebiletet er kva artar det er som veks på skiftet. Det kan hende at den grøne flekken ein ser på sandjorda er ei voldsom oppblomstring av ugras som følgje av dårleg etablering på grunn av for eksempel tørke. Det er fleire faktorar som ikkje er så lett å sjå på bilete og kart. Difor er det som regel ein fordel å gå ein runde i enga for å kontrollere. Satelittfoto eller haustekart vil kunne forenkle denne jobben ved at ein veit kvar ein skal gå å sjå.

Skjermbilde 2024 11 14 kl 13 57 29

Datainnsamling

Det finst fleire satellitt-tenester som er tilgjengelege for å nytte gjennom vekstsesongen. Det er og mogleg å nytte drone. Både ved bruk av drone og satellitt blir bileta analysert for reflektert lys. Då kan ein for eksempel sjå variasjon i biomasse, nitrogenopptak eller dekningsgrad. Satellitt og dronefoto krever ofte at graset har fått litt lengde. Satellitt er det lettaste, men dette kan få problem med skydekke.

Dei som nyttar moderne finsittarar har ofte tilgang på gode avlingsdata som det går ann å basere tildeling av gjødsel på. Om ein presser rundball er det litt meir utfordrande å få til stads bestemte avlingsdata.

Det er og mogleg å basere variert gjødsling på punktfesta jordprøver, men då får ein ikkje teke høgde for variasjon i plantedekke og artssamansetning i enga.

Det kan ofte vere ein fordel å kople innsamla data opp mot ein tur ut i enga for å sjå kva som er årsaken til den variasjonen ein ser i data.

Tildelingsfil

Som regel, når ein gjødslar med variabel mengde, gjer ein dette etter ei tildelingsfil. Dette er ei fil med kartdata som seier noko om kvar på skiftet ein skal gjødsle med kva mengde. Ofte har tildbydarar av datainnsamlingsløysingar og verktøy for å framstille og redigere tildelingsfiler.

Korleis spreie variabelt

Om ein skal nytte tildelingsfiler er det ein fordel om ein har ein gjødselspreiar som kan gjødsle variabelt etter tildelingsfiler. Denne moglegheita kjem som regel med ein kostnad, men då treng ein berre å laste inn tildelingsfila så gjer spreiaren justeringane. Det finst løysingar der ein kan ha tildelingsfila på mobiltelefonen og få opp kva hastigheit ein skal køyre for å få ønska mengde etter kvar ein er på skiftet. Då kan ein nytte ein enkel gjødselspreiar.

Klistremerke Presisjons guide kopi 2

Tidspunkt og mengde

Den største mengda gjødsel blir spreidd på våren. På våren kan det vere store variasjonar i overvintring og ofte kan snøen bli liggjande lengre nokre stader på skifte som gjev ujamn vekst. Det kan difor vere at ein får mest att for å variere mengda på gjødslinga til førsteslåtten. Ufordringa om ein skal nytte satellitt eller dronefoto er då at ein helst vil at graset skal ha kome eit stykke. Det kan då vere aktuelt å dele opp tildelinga av mineralgjødsel. Då vil ein kunne sikre at ein har nok næring til å kome i gang med veksten og så kan ein kome att med meir gjødsel der ein ser at det er behov og halde att der ein ser at det ikkje trengs meir. Om ein nytter haustedata eller jordprøvar kan ein køyre heile mengda samla, men det kan likevel vere lurt å justere mengda etter korleis veksten ser ut.

Å utnytte seg av variabel tildeling er meir tidkrevjande enn å køyre flat mengde, men ein blir og meir kjend med tilstanden på jorda si og blir betre skikka til å ta gode agronomiske val. I første omgang kan det vere nok å nytte innsamla data til å variere tildelt mengde mellom skifta.