Rognebærmøllen (Argyresthia conjugella) er eit svært viktig skadedyr i epledyrkinga i Noreg. Denne møllen har primært rogn som vertsplante, men i år med lite rognebær vel den det nest beste – eple. Møllen legg egg på epla, og når desse klekk går larven inn i eplet og det vert synlege skader både inni og utanpå. Frukta vert då ueigna for sal.
NLR og NIBIO overvakar bestanden av rognebærmøll i dei viktigaste fruktdistrikta i Noreg, og kvart år vert det laga prognose for angrep for den komande sesongen. I samband med dette er fruktrådgjevarar ute og tel blomeklasar og samlar inn rognebær for at denne prognosen kan verte laga. Om våren tel ein blomeklasar på utvalde referansetre, og om hausten talet på bærklasar på dei same trea. I tillegg vert det samla inn 1000 bær som blir sendt inn til NIBIO. Dei undersøkjer bæra for å sjå kor stor del av desse som inneheld levedyktige larvar.
Saman med teljingar og innsamling av bær får ein ei prognose for om det vert angrep og eventuelt kor stort angrep ein kan vente seg.
I år blomstrar rogna svært rikt, og utifrå årets prognosar kan ein med tryggleik fastslå at det ikkje er venta angrep frå rognebærmøllen i norske eplehagar i 2024.