I følge plantemiddelforskrifta er det tre krav til journalføring som til saman er plantevernjournalen:

  1. Sprøytejournal (namn på plantevernmiddel, tidspunkt, dose, område, vekst)
  2. Journal for vern av vassmiljø (buffersoner til overflatevatn, drikkevasskjelder, tiltak for å avgrense skade). Vassjournalen er utvida dersom etiketten opnar for ulik avstand til vatn – og du sprøyter nærmare enn 50 m frå vatn.
  3. Journal for integrert plantevern (grunngje val av middel i samanlikning med andre middel og andre metodar. Vise til overvaking av skadegjerar i forkant)

Plantevernjournalen skal dokumentere kva for tiltak du har gjennomført og kva du har sprøyta med. Opplysningane skal lagrast i minst 3 år. Om du leiger sprøyting, og andre fører journalen, er det krav om at du må oppbevare denne på garden. Det står i forskrift om produksjonstilskot at føretaket skal ha journalen tilgjengeleg.

Plantevernjournal som høver for deg

Her får du presentert ein del plantevernjournalar – og vi håpar du finn ein som passa fø' deg!

UItfylling på PC

  • Excelversjon finn du her. Denne høver godt til deg som sprøyter fleire gongar per sesong. NB! Fleire arkfanger . (dette skal vere lenkje til NLR sentralt sin versjon)

Mobil

  • Då kan du nytte NLR Vest sin plantevernjournal HER (og få tilsendt registreringane til e-posten din)(lenkje).

Eg skriv helst med kulepenn og blyant

  • Eg brukar 7. sans: Heilt topp! Fortsett med dette. Hugs å få med dei obligatoriske felta.

Eg driv med frukt eller bær

  • Dei fleste fruktlagera nyttar programmet fruktklienten, eit dokumentasjonsverktøy, der plantevernjournal er innlemma.

Fruktlagera har som regel si utgåve av programmet tilgjengeleg for nedlasting for sine medlemar: Ullensvang Fruktlager, Hardanger fjordfrukt, Nå Fruktlager – kontakt fruktlager, Ryfylkefrukt, Sogn frukt og grønt, Innvik Fruktlager

  • Det er laga ei eiga utgåve av programmet tilpassa bærdyrkarar som driv direktesal som heiter Bærklienten.
Plantevernjournal grafik