Ifølgje plantevernmiddelforskrifta er det tre krav til journalføring som til saman er plantevernjournalen:
1. Sprøytejournal:
Namn på plantevernmiddel, tidspunkt, dose, område, vekst.
2. Journal for vern av vassmiljø:
Buffersoner til overflatevatn, drikkevasskjelder, tiltak for å avgrense skade. Vassjournalen er utvida dersom etiketten opnar for ulik avstand til vatn – og du sprøyter nærmare enn 50 m frå overflatevatn.
- Forbudt å spre plantevernmiddel fra bakken nærare enn 3 meter fra overflatevatn dersom ikkje anna er oppgitt på etiketten.
- Minsteavstand til drikkevassbasseng er 50 meter.
3. Journal for integrert plantevern:
Grunngje val av middel i samanlikning med andre middel og andre metodar. Vise til overvaking av skadegjerar i forkant.
Opplysningane skal lagrast i minst 3 år. Om du leiger sprøyting, og andre fører journalen, er det krav om at du må oppbevare denne på garden. Det står i forskrift om produksjonstilskot at føretaket skal ha journalen tilgjengeleg.
Klikk HER for å opne NLR Vest sine forslag til plantevernjournalen.