Vatningsanlegg
Det er mange måtar å vatna på. Dei to vanlegaste er med hjelp av dryppvatning og med hjelp av spreiarar. Båe metodane har sine føremoner og ulemper. Dryppvatningsanlegg er mest utbreidd i blåbærfelta her i landet.
Vatningsmetode | Spreiarvatning | Dryppvatning |
Investeringskostnad | + | - |
Frostvern | + | - |
Arbeid | - | + |
Kvalitetskrav til vatningsvatn | + | - |
Gjødsel i vatningsvatn | - | + |
Vassforbruk | - | + |
Fare for ugras og soppangrep | - Auka fare for gråskimmel etter vatning | + Mindre ugras mellom rekkjene. |
Dryppvatningsanlegg
Dryppvatningsanlegg plasserer vatnet der ein har bruk for det, og vi får eit langt mindre vassforbruk enn ved bruk av andre vatnings-system. Vidare let det seg gjera å blanda inn gjødsel i vatningsvatnet, og på den måten få ei særs jamn og god tilgang av næringsstoff til buskane. Dryppvatningsystemet kan også brukast til å justera pH i jorda med.
Det finst fleire typar dryppvatningsanlegg. Nokre passar i flatt terreng, andre i bakkehall. La difor ein fagmann planleggje anlegget i feltet.
Vasskvalitet.
Dryppvatningsanlegg set strenge krav til vasskvaliteten. Jarn, kalk, algar og sopp kan tette til dryppunkta. Ein prøve av vasskjelda bør difor sjekkast føre installering. Dette for å få rett type filter på plass.
Køyring av anlegget
Faren for utvasking er mindre med bruk av dryppvatningsanlegg, men kan også skje her. Den våte sona under kvart drypp, utvidar seg under jordoverflata. Ulike jordarter har ulik kapasitet til å binda og avgje vatn. Sjå tabell 12. Beste måten å finna ut kva tid ein skal avslutta vatning, er ved å setje eit målebeger under eit drypp, og stengje for vatnet når t.d. 25 mm vatn pr. m2 vatna planterad er gitt ut (sjå tabell under). Det er betre med vatning ofte og lite vatn kvar gong, enn omvendt (fare for utvasking av næringsstoff, redusert jordtemperatur og overmetting av jord).
Vasshushaldingskapasitet i ulike jordarter. Mm vatn pr 20 cm jord.
Jordart |
Vatn, mm |
Sand |
10 |
Fin sand |
16 |
Sandig lettleire |
22 |
Lettleire |
32 |
Silthaldig lettleire |
36 |
Leirhalding lettleire |
40 |
Leire |
44 |
Gjødsel gjennom dryppvatningsanlegget
Innblanding av gjødsel i dryppvatnet kan vera eit alternativ til deler eller heile den normale gjødslinga med faste gjødselslag. Gjødsling gjennom dryppvantingssystemet kan vera eit effektivt system i tette plantingar. Gjødsling gjennom dryppvatningsanlegg vert aldri jamnare enn vatninga i systemet. Ei gransking viste at i nyplanta felt gjekk færre buskar ut første året der det var nytta gjødslingsvatning, enn der det var brukt fast gjødsel (mindre fare for saltsviing av røtene). I USA er normal gjødsling 560 gram N pr dekar pr veke, pluss fosfor og kalium dersom det trengst.
Unngå tilførsel av gjødsel under haustinga. Sidan blåbær lett får saltskadar på røtene, må ledetalet i gjødselblandinga kontrollerast og gjødsla fortynnast tilstrekkeleg. Eit øvre tak for ledetal (mMhos/cm – milli-mol) er sett til 0,75 for planter som er kjenslevare for salt, slike som blåbær. Dette vil normalt tilseie at gjødsla vert fortynna til 100-150 ppm N i vatningsvatnet.
Dersom ein til dømes brukar urea (46% N), må vi tilføra 326 gram urea i 1000 liter vatn for å oppnå 150 ppm N.
For at gjødsla skal fordelast jamnast mogeleg er det viktig at vatningssystemet går ei tid med reint vatn før gjødsla vert tilsett, og etter, slik at all gjødsel er ute av drypprøyra før anlegget vert stengt av. Går vatningsanlegget for lenge etter gjødsla er fordelt, kan det medføra utvasking og kanskje næringsmangel.
Oppsamla vassmengd i liter, ved eit dryppunkt med ulik avstand mellom dryppa og ulik vass mengde. Det er rekna med 80 cm brei rad.
Drypp-avstand, cm | Utvatna mengd, mm vasshøgd | |||||||
10 | 15 | 20 | 25 | 30 | 35 | 40 | 45 | |
25 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 |
50 | 4 | 6 | 8 | 10 | 12 | 14 | 16 | 18 |
75 | 6 | 9 | 12 | 15 | 18 | 21 | 24 | 27 |
100 | 8 | 12 | 16 | 20 | 24 | 28 | 32 | 36 |
125 | 10 | 15 | 20 | 25 | 30 | 35 | 40 | 45 |
150 | 12 | 18 | 24 | 30 | 36 | 42 | 48 | 54 |
175 | 14 | 21 | 28 | 35 | 42 | 49 | 56 | 63 |