Artikkelen har tidligere vært på trykk i Norsk Frukt og Bær, samt Gartneryrket.

På Austlandet har det dei siste 15 åra alltid vore lokale haglbyer. Det har ofte vore i forbindelse med lyn og torden i typiske ettermiddagsbyger. Men haglskaden har vore svært lokale og berre nokre få har vore uheldige å fått øydelagt avlinga.

Denne sesongen utgjer haglskadar kanskje 10-15 % av epleproduksjonen vår i Norge. GPS har beregna skadeomfanget til å være 1300 t av årsproduksjonen av epler. Også pærer, surkirsebær og plommer får haglskader, men areala er mindre og omfanget blir dermed ikkje så stort. Dessutan er mykje av dei fruktslaga på Vestlandet som er mykje mindre utsette for haglskade. Morell er under tak og er beskytta etter at taket er montert på våren.

Tiltak

Etter ei haglbye vil avlinga få fysiske skader i form av slagskader i skallet. Er hagla store og tunge vil skallet også sprekke opp. Hagl tidleg i sesongen vil skallet tole mykje, men når fruktene veks vil ikkje alltid skallet vekse med. Det blir eit holl i skallet. Holl i skallet er inngangsport for bla monillia. Monillia har me alltid til stades i fruktfelta, så lenge avlinga er uskada er det ikkje noko problem. Når hagla har laga skade må ein tenkje å redusere problemet med monilla og spesielt smitte til friske naboepler. Fleire gonger i sesongen må ein gå og fjerne skadde eple. I tillegg kan ei sprøyting med Revyona være til stor hjelp. Revyona kan berre brukast kvart andre år. Andre soppmiddel kan også hjelpe som Delan WG/Pro, Luna Privilege og Signum, men er ikkje så effektive som Revyona.

Framtidige tiltak

Om klimaendringane vedvare må ein stille seg spørsmålet om ein skal ta sjansen på å ha felt utan haglbeskyttelse? I Italia har dei fleste innsett at haglnett må ein ha for å dyrke eple. I Polen blir det gitt EU-midlar til bla å setje opp haglnett og eit pakkeri i Nederland krev av det skal være haglnett på eplesorten Magic Star for å kunne få lov til å dyrke sorten.

Utprøving i Norge

Det har vore sett opp mindre utprøvingar i Norge. Det vart i 2011 sett opp haglnett over 6 daa eksisterande eplefelt i Lier. Utprøvinga var med dekkesystem frå den tyske utstyrleverandøren Vöen og det vart nytta krystallfarga duk. Denne duken reduserer ikkje solinnstrålinga så mykje som svart duk som dei fleste andre land benyttar seg av. Krystallfarga duk reduserte innstrålinga av sol med 8-9 % målt med Light Meter (LI-250A) frå LI-COR. Haglnettsystemet vart utsett for haglbye i august 2013 og ingen skade på epla vart registert under haglnettet. Utanfor haglnettet var over 50 % av epla skada av hagl. Det vart også i forsøksperioden sett på modning med vanlege haustetidsparameter av NLR, utan at dei store forskjellane vart avdekka. Konklusjonen er at haglnett fungerar på Austlandet i forsøksperioden 2011-2013.

20240724 110848000 i OS

Hyggen

Merete Hyggen og ektemannen Oddbjørn Viken har investert mykje i eplehagen dei siste åra. Nye sortar og felt har vorte etablert dei siste fem åra. I tillegg har det vorte etablert sjølvbetjent gårdsbutikk.

Når dei skulle etablere eit eplefelt denne sesongen, var det å redusere risikoen for haglskadar, ei av tinga dei vurderte. Gården har vore utsett for haglskade bla i 2017, og var demotiverande å oppleve dette. Når sorten ‘Asfari’ vart bestilt frå Belgia, var samstundes Hilko Strik frå Nederland kontakta. Strik har spesialisert seg på oppsett av haglnett og har flest oppdrag i Nederland og Østerriket.

Viktig

For at haglnettet skal fungere må alle stolper være sett opp med GPS og på rett linje. Til dette arbeidet kjøpte gården inn eit GPS system frå firmaet Geonord, der finns mulighet for rimelig årskostnad for landbruk. Fotballbaner er naturlegvis det enklaste å sette opp systemet, men sjølv god arronderte felt på Austlandet er det nødvendig med tilpassingar. Kuppert felt med slåker og sidehelling vil naturligvis skape utfordringar for oppsettet. I tillegg til rette linjer mellom stoplane i rekkja, skal det være ein travers wire som skal fundamenterast i enden på feltet. Alt dette må gjerast rett frå start og flytting av stolpar grunna utfordringar i bakken er ikkje eit tema.

Etter at hovedstolpane for haglnettet er montert med 10 meter mellomrom, vart det sett ned mindre stolpar mellom haglnettstolpane. Det er for å være støtte til eit tradisjonelt støttesystem som ein kjenner i vanlege tettplantingar i Norge. I Hyggen vart det brukt plog i rada der trea skulle plantast før alt av støttesystem kom opp. Det fungerte slik passe var erfaringa. Det var mykje stein og anna, samt at det å holde ei bein linje utan GPS ikkje var like enkelt ved sidehelling. Etter at støttesystem og Crappal-wire var strekt, vart kvart tre handplanta med spade. Var forarbeidet godt, var de berre å sette barrotstreet nedi og legge på jord. Var det derimot feilpløying eller masse ujevnheiter var det meir arbeidsamt.

Tremateriale

Trea kom som toårige tre med mellomstamme av Golden D. Trea hadde fint markert midtstamme, men kanskje lange slengte greiner. Det var også svært mykje blomst på trea. For å få ned antall blomst ytterst på greinene, få betre bryting på bordgreine og meir vitalitet vart alle trea beskjært rett etter planting. To toppar vart til ein og alle trea fekk lik høgde.

I slutten av juli kom Hilko Strik i det nederlandske firma Netteam med fire personar og utstyr for å montere haglnettet. Nettet vart sydd inntil wire i rekkja. Nettet skal være møneforma og det skal gå greitt å køyre med tårnsprøyte under nettet. Vinteropplaget til nettet er over rekkjene, og lagt som ei pølse som vi kjenner frå morellfelt. Ved montering på våren har ein tenkt å vente til etter blomstring før nettet blir rulla ut frå vinteropplag og klipsa samman mellom rekkjene.

Kostnad

Det er ikkje billeg å etablere haglnett. I tillegg kjem det årlege meirarbeid å setje det opp på våren, 1-2 dagar, og ta det ned på hausten 1-2 dagar. Til det arbeidet bruker Hyggen elektrisk plattform. Hyggen Gård har kjøpt ein «Windegger K8» som kan brukast til dette. Nettet blir også slitt av sollys, haglbyer og av eksponering av plantevernmiddel som blir nytta i felta. Det må påreknast at nettet må skiftast før trea som fornyast, og har ca 15 års levetid.

Støttesystemet blir også dyrare og bruk av entreprenør som kan setje opp med GPS er nødvendig i dei fleste tilfeller. Eit tradisjonelt støttesystem og epleplanting ligg på 85.000 kr i Noreg med alt av arbeid som må til. Kostnaden frå Netteam kom på kr 25 000/ daa. I tillegg ble ekstra kostnad for haglnett ca kr 20.000 /daa. Kr.10.000 / daa for fleire og meir solide stokkar, og ca kr 10 000 / daa for GPS oppmåling og installasjon av stokkar og jordanker ( eigeninnsatsen). Totalt kostnad for haglnett inkl meirarbeid og eigeninnsats kr 45 000/ daa. Dette inkluderer ikkje innkjøp av arbeidsplattform som er nødvendig reiskap for å montere og drive systemet. Innovasjon Norge støtter dette prosjektet med totalt 400 000.

20240724 110708000 i OS